Lokal | 26. juli 2016

Legevakten slår sprekker

Den heftige Ohara-sprenginga går ikkje «upåaktet hen». – Vi var førebudd på dette, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Legevakten slår sprekker
Målarar står ute ved Os brannstasjon og legevakta. Bilda innfelt viser sprekkene i veggane. (Foto: Kjetil V. Bruarøy/Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juli 2016 09:36

Hausten 2015 starta bygginga av Os kommune sitt nye hovudreinseanlegg for avlaup, OHARA.

Anlegget blir bygd i fjellet innanfor Tellevika, delvis under brannstasjonen og legevakta på Moberg.

Sjå video: Lager 60 meter med tunell kvar veke

Det omfattande sprengingsarbeidet har ført til enkelte småskader og utfordringar i bygget som husar Os brannvesen og Os og Samnanger legevakt.

Sprekker og låste dører

Tidlegare i juli sendte Os brannvesen bilde til prosjektleiar Johannes Håkonsund i Os kommune. Bilda viser fleire sprekker i veggane innandørs på Os og Samnanger legevakt.

– Enkelte ting har ramla av veggane og bygget har fått nokre små sprekker innandørs.

– Vi har òg merka det på dørene, der små forskyvingar har ført til at dei automatiske låsane i periodar ikkje låser seg eller ikkje låser seg opp, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

– Omtrent som venta

Gjøsund seier prosjektleiar i Os kommune og entreprenør var førebudd på at det kunne koma skader i løpet av byggeperioden.

– Derfor blei det òg tatt bilde i forkant av byggestart, og det står ute målarar som registrerer effekten av sprenginga. Den viser at det så langt har vore godt innanfor krava.

– Vi merka sprenginga ganske tidleg i anleggsperioden. Seinare kom ein periode der vi merka endå meir, mens det så har roa seg noko, seier Gjøsund.

Midtsiden har prøvd å nå prosjektleiar Håkonsund for kommentar, og for å høyra om det er skadar på andre bygg eller hus i området, men han har ferie.

Les òg: Os får nytt bustadfelt i strandsona etter Ohara

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.