Legg 17,5 km med kabel
Denne arbeidsbåten kom til Os i dag - for å gjera internett betre og tryggare på Tysnes.
Bildeserie:
Måndag morgon kom farkosten «Nordkabel» til Os og Mobergsvikjo. Båten er eigd av Seaworks AS frå Harstad, eit selskap som omset for over 200 millionar kroner i året.
Dagleg leiar Jan Arild Paulsen viser vidare til informasjonsavdelinga til Telenor når Midtsiden spør kva oppdrag dei er på.
– Investerer i tryggare nett og auka kapasitet
Telenor har leig inn Seaworks for å legga fiberkabel frå Os til Tysnes.
– Telenor har ansvar for å bygga landsdekkande transportnett, og det skal vera robust og stabilt - og vi skal ha alternativ, om noko blir skadd, seier Tormod Sandstø.
Han er informasjonssjef innanbreiband og TV hos Telenor.
– Nettet blir aldri ferdig utbygd, men vi investerer rundt 4 milliardar kroner i året på utbygging, både nytt og på utviding av eksisterande.
500 meter under havskorpa
I morgontimane var Seaworks i Os med eit dykkelag frå IMC Diving. Årsaka er at kabelen skal under eit vassrør.
Båten gjekk til Tangen ved Malkenes får å legga kabel frå Tysnes til Os. På Tysnes skal fiberen til sentralpunkt på Lundegrend.
I luftlinje er det 16.793 meter, men kabelen går ned til 500 meter på det djupaset, og er i alt 17,5 km lang.
«Nordkabel» kom til Os igjen i 19-tida i kveld og held på med avluttande arbeid ved Oseana.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.