Lokal | 21. okt. 2016

– Legg til grunn at Kobbavågen blir skjerma

– Dette er arbeidsteikningar, seier vegvesenet. – Kobbavågen skal skjermast, seier Søviknes.

– Legg til grunn at Kobbavågen blir skjerma
Mange i Os, spesielt i Øyane, er redde for at idyllen i Kobbavågen skal bli øydelagt av ilandføring av bru med firefelt motorveg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2016 13:57

Midtsiden har fått innsyn i Statens vegvesen si oversending av dokumentene i utgreiinga for E39 Stord - Os.

Fredag morgon publiserte vi meir detaljerte teikningar enn kva som tidlegare har vore vist, over kvar tunnelen kan gå frå Øyane til Svegatjørn.

Kartet viser ilandføring på den inste Kobbholmen i det populære området Kobbavågen.

– Er dette i tråd med tidlegare uttalt mål om å skjerma Kobbavågen?

– Sånn eg har forstått det så er det for tidleg å seia noko om ilandføring. Detaljar rundt dette er eit eige studie, seier ordførar Terje Søviknes.

– Om ikkje brua går ned i havet eller ned i ei fylling, men inn over Kobbholmen, slik det ser ut i kartet, er du komfortabel med dette?

– Nei, langt ifrå, då «skal dei få med oss å gjera»! Eg legg til grunn at Kobbavågen blir skjerma, det har vi vore klar på heile vegen, seier ordføraren.

– Det er mange alternativ

Prosjektleiar Signe Eikenes seier kartet Midtsiden viser ikkje seier noko som helst om ilandføring.

– Dette er arbeidsteikningar som geologane har brukt. Saman med kurve er bergartane med på å forma traseen, vi sit med mange alternativ til korleis brua skal koma inn til Øyane.

– Er dette eit eige studie?

– No er vi på kommunedelplannivå, detaljar om ilandføring kjem i seinare reguleringsplanarbeid.

– Dette med ilandføring er eit eige felt som vi jobbar med. Vi sit med mange alternativ og fleire av dei kan koma til å skjerma Kobbavågen godt. Kobbavågen kan bli meir tilgjengeleg samtidig som den blir betre skjerma for vêr og vind.

– Men vi er uansett ikkje på eit stadie no, der vi kan seia «her blir ilandføringa av brua». Vi ønskjer å gjera ein god jobb i Os, for osingane, og Os kommune kan koma til å sitja igjen med svært lite veg i dagen. Får vi til ei god ilandføring blir det lite bry med ny E39 gjennom Os, seier Eikenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.