Lokal | 21. feb. 2015

Lei for dårleg varsling

Vegvesenet beklagar at dei ikkje varsla godt nok då fylkesveg 137 mellom Os og Samnanger blei stengd måndag.

Lei for dårleg varsling
Brua blei asfaltert før trafikken slapp på igjen (foto: Melake Gebremichael, Statens vegvesen)
Andris Hamrelørdag 21. feb. 2015 08:05

Midtsiden skreiv måndag om frustrerte bilistar som møtte stengt veg mellom Os og Samnanger grunna reparasjonsarbeid på Rolvsvåg bru.

– Det blei ein times venting for trafikken på fylkesvegen mellom Samnanger og Os.

– Vi seier oss lei for at skilting og arbeidsvarsling ikkje var god nok den stunda arbeidet pågjekk og vegen var stengt, seier Gunnar Djuve, leiar for bruvedlikehaldsgruppa i Statens Vegvesen Hordaland.

Monterte reserve-bru

Den fire meter lange Rolvsvågbrua fekk skade etter at fyllmasse kring stålrøyret lak ut under flaum i bekken. Det oppsto holrom under asfaltdekket etter ein del tungtrafikk på strekninga.

Som ei mellombels løysing har vegvesenet nytta av reservebru-materiellet og montert ei ni meter lang stålbru i to delar.

Etter at brua var montert blei det lagt nytt asfaltdekke før trafikken slapp på igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.