Sport | 01. mars 2015

Leia med 7, tapte med 6

Os starta med festhandball, men gjekk i oppløysing heime mot Årstad søndag.

Leia med 7, tapte med 6
Os sto knallbra i forsvar fram til pause. Så missa dei både framme og bak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2015 18:43

Bildeserie:

Tonje gav Os leiinga då ho sette inn 2-1 i første speleminutt.  (Foto: KVB)
Tonje gav Os leiinga då ho sette inn 2-1 i første speleminutt. (Foto: KVB)
Hilde Kristine skåra 7 mål og gjorde ein god kamp. (Foto: KVB)
Hilde Kristine skåra 7 mål og gjorde ein god kamp. (Foto: KVB)
Ti minutt før pause byrja Os å missa. Madeleine skåra tre, men ikkje på denne kontringa. (Foto: KVB)
Ti minutt før pause byrja Os å missa. Madeleine skåra tre, men ikkje på denne kontringa. (Foto: KVB)
Malin Fosen kom inn før pause og skåra tre på rad. (Foto: KVB)
Malin Fosen kom inn før pause og skåra tre på rad. (Foto: KVB)
Årstad-keeperen Maren Matingsdal redda også denne. (Foto: KVB)
Årstad-keeperen Maren Matingsdal redda også denne. (Foto: KVB)
Maria Lunde Stangeland fekk ein tøff jobb som coach. (Foto: KVB)
Maria Lunde Stangeland fekk ein tøff jobb som coach. (Foto: KVB)
Vilde skåra på 2 av 3 straffar. Her set ho inn til 26-28. (Foto: KVB)
Vilde skåra på 2 av 3 straffar. Her set ho inn til 26-28. (Foto: KVB)
1 av 7

Os sette forsvaret og sprang inn kontring etter kontring i Oshallen i dag. Dei leia 10-5 og 18-11 i det som Midtsiden på førehand spådde kunne bli ein målrik kamp.

Gjestane Årstad hadde nemleg sleppt inn 98 mål meir enn Os før dagens møte, og Os skåra 19 mål i første omgang.

Men allereie før kvilen byrja Årstad å eta seg inn i kampen.

Os - Årstad 30-36 (19-16)
Målskårarar, Os: Malin Hjelle Berentsen 8, Hilde Kristine Røttingen 7, Madeleine Hjertnes 3, Vilde Brattabø 3, Malin Lunde Fosen 3, Silja Espelid 3, Marte Øvreeide 2 og Tonje Hjertnes.

Hilde Kristine Røttingen hadde nok ein god kamp. Malin Hjelle Berentsen traff på det meste før pause, men hadde mange i tverrliggar i andre omgang.

Malin Lunde Fosen kom inn på tampen av første omgang og sette inn 16-9, 17-10 og 18-11 til Os. Vilde Brattabø skåra på 2 av 3 frå 7-meteren, i tillegg til eit spelemål.

Men i andre omgang blei det stolpeskot, miss på fleire kontringar på rad og etterkvart svikta også forsvarsarbeidet.

Tøff debut

Os blei henta inn 4 minutt etter pause og forbigått minuttet etter. Dei tok aldri gjestane igjen. På 22-24 tok Lunde sin første timeout.

– Det starta så bra, men vi klarte dessverre ikkje å roa oss ned og finna rytmen igjen etter at vi byrja å missa. I forsvar sto vi alt for spreidd og i angrep skaut vi ein god keeper endå betre, seier Maria Stangeland Lunde.

Os-spelaren, som er ute i permisjon, steppa inn som coach i Gitte Torp sitt fråvær. Ho fekk ein tøff kamp å debutera i.

– Vi kan gle oss over dei første 20 minutta, og det at vi hadde mange målskårarar i dag. Tar jentene med seg det beste frå denne kampen inn i neste, som går mot Stord, så går det nok bra.

Playmaker Madeleine Hjertnes var svært skuffa etter kampen.

– Vi skapte rikeleg med sjansar, men bomma jo på alt. Og så tok vi med oss den dårlege utteljinga bak i forsvar, fortviler ho.

– Vi vann på rutine

Årstad-trenar Kenneth Hansen er nøgd med snuoperasjonen til jentene han hadde med seg i Oshallen i dag.

– Vi har nok litt fleire rutinerte spelarar enn Os.

– I tillegg har vi ein keeper som tetta igjen fullstendig etter pause, seier Hansen om målvakta Maren Matingsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.