Leif Simen Mjånes kom til Os frå Eikelandsfjorden for eit år sidan. No er han tatt ut på kretslaget.

Leif Simen Mjånes (13) tatt ut på kretslaget

Klubbane i Os har no 10 kretslagsspelarar fordelt på 3 årstrinn.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Denne veka starta kretslagstreningane, som går i Vestlandshallen i Åsane gjennom vinteren.

Det er tatt ut deltakarar på tre årstrinn, talentfulle spelarar som fyller 14 (fødd i 2004), 15 og 16 år i 2018.

I yngste gutegruppe, G04, er Leif Simen Mjånes frå Os Fotball tatt ut.

– Han kjem opprinneleg frå Eikelandsfjorden il, men har vore i Os det siste året, fortel dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Brenne kjenner til Mjånes, og har sjølv hatt 1 til 1-trening med talentet frå Fusa.

– Han er ein kjempespennande spelar, fotrapp og teknisk, og aggressiv og energisk i spelet sitt. Vi ønskjer han lykke til med treningsøktene i Vestlandshallen!

På fotball.no ser du heile gut 2004-uttaket.

Fire frå Os i éin årgang

I tillegg er tre jenter frå Os, i same årgang, tatt ut.

Anna Rød og Karoline Louise Hevrøy har med seg den eitt år yngre lagvenninna Nora Blindheim Nøss.

10 krestlagsspelarar frå Osbygda

I uttaka som har vore dei siste vekene er det spelarar frå Os på alle årstrinn, men ikkje begge kjønn på alle årstrinn.

I alt er det 10 spelarar frå Os representert, 6 jenter og 4 gutar, fordelt på tre årstrinn.

Éin av dei speler for Fyllingsdalen, to jenter er frå Nore Neset, resten er frå Os Fotball:

2004, gutar: Leif Simen Mjånes (Os)

2004, jenter: Anna Rød (Os), Karoline Louise Hevrøy (Os) og Nora Blindheim Nøss (Os, fødd i 2005)

2003, gutar: 0

2003, jenter: Malin Ludvigsen (Nore Neset) og Thale Strønen Skeie (Nore Neset)

2002, gutar: Elias Myrlid (Os), Mats Torp Nielsen (Os) og Knut Jordal (Fyllingsdalen)

2002, jenter: Vilde Drange Veglo (Os). I tillegg er Madelen Koldal Holme frå same årgang, som nyleg gjekk frå Lysekloster til Sandviken, på landslaget.