Lokal | 28. juni 2013

Leigetakarar blir huseigarar

I mars blei delar av Telthuskvartalet lagt ut for sal. No har bygget fått nye eigarar.

Leigetakarar blir huseigarar
Dei nye huseigarane Joachim Nøkleby og Kåre Mongstad frå Loops (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand).
Kari M. Lyssandfredag 28. juni 2013 15:08

- Då bygget blei lagt ut for sal så såg vi ein moglegheit til å sikra oss, seier Joachim Nøkleby, dagleg leiar og typograf i Studio Loops.

Denne veka blei det kjent at Loops-eigarane med nytt eigedomsselskap overtar som eigarar av bygget i Telthuskvartalet i Os sentrum, ein bygning dei frå før er leigetakarar i, og som i tillegg husar herremotebutikken Instinct.

Fordel å vera i Os

Saman med art director og grafisk designar Kåre Mongstad og produksjonsleiar Per-Arvid Hansen har Nøkleby hatt det travelt sidan Loops starta opp for tre år sidan.

- Vi har fått store kundar både i og utanfor Os, og det siste halve året kjenner eg at no byrjer ting å verkeleg å gå på plass, seier Nøkleby.

Korte leigeavtalar som måtte fornyast kvart år, og at dei ikkje ville risikera å måtta flytta til mindre sentralt lokale, var hovudgrunnane til at Loops kjøpte bygget.

- Det er ein fordel å vera her i Os og vi trur det kjem til å skje mykje her framover, seier Mongstad, som etter studie i Oslo og 16 år i Stavanger vendte heim igjen til Os.

Kunden får alt

Loops skil seg ut i mengda med reklamebyrå då dei både tar design, produksjon og montering sjølv.

- Det gjer at vi har all kompetansen i bedrifta, vi har kontroll på alt og kan vera sikre på at resultatet blir som vi vil, seier Nøkleby.

- Kunden får alt på éin stad og tilbakemeldingane har vore gode.

Loops kan skilta med kundar som Oseana, Os kommune, Voss Kulturhus, Coca Cola Vestlandet og også små og mellomstore bedrifter frå store delar av Hordaland.

- Det er mykje hardt arbeid og mange utfordringar i ein tøft marknad, men vi liker det.

Nøgd med nye eigarar

I første etasje har Instinct, tidlegare Ungdomsklær, heldt til i over 40 år. Dei hadde forkjøpsrett på bygget, men valde å ikkje slå til.

- Eg er veldig nøgd med at det er gutane i Loops som no overtar som eigarar, seier Steinar Bøe frå Instinct.

- Det er veldig kjekke folk, og så er dei allereie etablert i bygget og har pussa opp og fått eit veldig flott lokale i 2. etasje.

Loops kjøpte bygget frå Ratio Holding og tar over som eigarar 1. august i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.