Lokal | 13. juli 2017

Leikeløypa på vent

Leikeløypa på Kyrkjeflaten let venta på seg. Manglande godkjenning gjorde at den måtte plukkast ned att.

Leikeløypa på vent
Klatreløypa på Kyrkjeflaten er delvis demontert i påvente av naudsynte godkjenningar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. juli 2017 08:25

Klatreløypa på Kyrkjeflaten skulle bli eit supplement til hoppesteinane i Baronselva og fontenen på torget slik at ungar skulle få ei samanhengande aktivitetsløype frå Kyrkjeflaten til torget og vera med å laga liv på Øyro, men no er den midlertidig demontert.

–Vi skal framleis laga liv på Øyro, og den vil bli eit flott supplement som gjer at også Kyrkjeflaten vil bli tatt meir i bruk, men vi var diverre nøydd til å plukka den frå kvarandre for ei lita stund, fortel ordførar Marie Bruarøy (H) som saman med dåverande prosjektleiar for Liv på Øyro, Fredrik Seliussen fekk inspirasjon til leikeløypa etter ein studietur til København.

Var ikkje godkjent

Bakgrunnen for at kommunen har måtte delvis demontera den er manglande sertifisering.

– Det har nok vore ein miskommunikasjon mellom oss og Os Asvo som har laga den. Vi trudde dei hadde dei sertifiseringane dei trengde i og med at dei leverer til Høyt og Lavt, og dei trudde at kommunen hadde dei naudsynte godkjenningane, men slik var det diverre ikkje.

– Alle leikeapparater, sjølv så låge som dette må vera godkjent og her mangla vi den naudsynte sertifiseringa, forklarer Bruarøy.

Fundamenterer på nytt

Feilen blei oppdaga av kommunen sin leikeplassansvarleg.

– Alt er gjort i god tru, men det har ikkje vore godt nok. Leikeplassansvarleg fann mellom anna at fundamenteringa ikkje var god nok, så det vi gjer er at vi har tatt ned løypa no. Fundamenteringa er djup, men ikkje djup nok, så vi vil fundamentere stolpane på nytt når dei naudsynte godkjenningane er på plass. Asvo har knytta til seg denne kompetansen, så denne gangen skal det bli rett.

– Det blir noko dyrare enn vi først hadde rekna med, men om vi som kommune kan vera med å utvikla eit nytt produkt som Os Asvo kan ta vidare, så meiner eg det er verdt det, avsluttar ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.