Lokal | 17. apr. 2017

Leiteaksjon etter to born

Store redningsstyrker blei kalt ut då to ungar på fem år blei meldt sakna. (Oppdatert)

Leiteaksjon etter to born
Store ressursar blei kalt ut i samband med leiteaksjonen etter dei to borna (foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. apr. 2017 17:37

Klokka 18.44 blei to born, ein gut og ei jente på fem år, meldt sakna frå Moberg.

– Politi, brannvesen, hundepatruljar, Røde Kors og Norske Redningshunder er kalt ut, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

OPPDATERT: Klokka 19.46 melder politiet at dei to er funnen i god behald i ein barnehage. Dei blei observert av forbipasserande.

Dei to ungane hadde vore utanfor bustadane sine på Moberg i halvannan til to timar då dei blei meldt sakna.

Det var oppretta KO på Os brannstasjon, ikkje så langt frå heimen til dei sakna. Det blei søkt både i nabolaget og ved Ulvenvatnet.

Luftambulansen var òg i området, og tok nokre sveip over terrenget.

– Foreldra hadde sjølv leita i halvannan time før dei tok kontakt med oss. Når vi får ei slik melding og du har den nærleiken til vatn som du har på Ulven, så trykker vi på den store knappen umiddelbart, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor om bakgrunnen for at store styrker blei kalt ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.