Lokal | 28. sep. 2014

– Lengtar alltid heim til Os

Det har gått 30 år sidan Oddvar Lyssand sist sette føtene på norsk jord.

– Lengtar alltid heim til Os
Jon Jon og Oddvar Lyssand har hatt ei minnerik reise heim til Os. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandsøndag 28. sep. 2014 07:47

– Vegane har blitt betre og det har komen mange fleire hus sidan 1984, seier Oddvar.

Saman med sonen sin Jon, kalla Jon Jon (eller "kvalpen", som Oddvar kallar han) har han tatt den lange reisa frå San Fransisco til Os for å bli med på slektstreff for etterkomarane til Mons og Anna Lyssand. Forrige gong Oddvar var i Noreg blei det travelt med besøk til slekt fleire stadar i landet.

– Denne gongen har eg berre nytt det å vera her i Os.

– Som om eg aldri har vore vekke

Dei 11 dagane Oddvar og Jon Jon hadde i Os blei det mykje mimring. Kvar morgon har han tatt kaffikoppen med ut på terrassen til søskenbarnet Wenche og berre sett ut over Bjørnafjorden.

Dagane har gått med til fisking i Vallaelva og ute på sjøen, turar til Lyssand, Midtbø og Borgafjellet. Dei har møtt slekt og vener og turen blei avslutta med Lyssand-fest.

– Det har vore heilt fantastisk å treffa alle og besøka gamle stadar, og sjølv om det har gått mange år så kjennest det som om eg ikkje har vore vekke.

Måtte reisa frå familien

Starten på Oddvar sitt Amerika-eventyr starta då onkelen Sverre, etter 12 år i Amerika, kom heim til Os på besøk på 1960-talet. Då Sverre svinga inn på tunet som storkar i sin nykjøpte Mercedes frå Tyskland var det nok ikkje få som blei imponert.

Blant dei åtte søskena hans på Holen var Lars Kristian Lyssand, også kjent som Tvillinga-Lars'n eller Hola-Lars'n.

Han og broren Olav blei freista av forteljingane om livet i USA og saman med Lars Askvik og Jacob Hægland blei dei med Sverre tilbake "over dammen".

Igjen i Os var kona til Lars, Inger, og ungane Rolf, Kåre, Knut, Åge og Oddvar. Dei skulle koma etter, og over eit år etter at Lars reiste blei familien samla igjen.

Fotball var redninga

Som yngstemann i flokken hadde ikkje Oddvar mykje kontroll over situasjonen.

– Eg var 11 år og måtte berre dilta etter, men eg gledde meg veldig til å sjå far min igjen, fortel han.

Familien etablerte seg i Redwood City utanfor San Fransisco, og familien fann seg etterkvart til rette.

– Vi følte oss rare i starten, ikkje kunne eg engelsk og vi hadde «løgne» klær samanlikna med dei andre.

Men Oddvar og brørne var ikkje redde for å ta kontakt med andre, og dei fann redninga i fotballen.

– Vi blei kjent som nordmennene som kom bort til USA og spelte fotball, seier han og smiler.

Abonnerte på Os & Fusa posten

Alle dei fem brørne valte å gå i faren sine fotspor og blei snikkarar. Oddvar fortel at det har vore positivt å vera nordmann i USA og at venene er nysgjerrig på landet han kjem frå.

– Eg har ikkje følgt så mykje med korleis det går i Os dei siste åra, men før far gjekk bort for 9 år sidan heldt vi oss oppdatert på kva som skjedde i Os gjennom Os & Fusaposten han abonnerte på.

– Han var så stolt då det stod noko om Lyssand-familien i avisa, han sirkla rundt artiklane med penn.

Oddvar og kona flytta for fire år sidan inn saman med mor til Oddvar, Inger (94), for å ta seg av ho.

– Då vi rydda opp etter far fann vi dei gamle avisene, han hadde tatt vare på alle.

Åt to middagar

Oddvar minnast dei 11 åra han fekk i Os som ei god og friare tid.

– Her var alt så ope, vi sprang ute og leika, hoppa i høyet eller var ute og fiska.

– I USA var det ikkje så mykje å gjera på på fritida. Ein kunne gå ut åleine, men vi måtte vera forsiktige og det har blitt verre med åra.

Den norske maten er noko dei har tatt med seg til USA, og at dei bur ein stad med mange skandinavar og har skandinavisk butikk har hjelpt på.

Ertesuppe, raspeballar, kjøttkaker, fiskebollar og vaflar har stått på menyen.

– Mor mi laga alltid norsk mat og eg gjekk ofte innom til ho etter jobb og åt før eg reiste heim og åt middag der og, fortel Oddvar og ler.

– Eg er osing

Sonen Jon Jon, som er vakse opp i USA, skulle ein tru ville kalla seg amerikanar.

– Eg er osing eg, seier han stolt.

Fire gongar har Jon Jon vore i Os og han føler seg veldig knytta til staden og slekta si her.

– Nordmenn bruker meir sunn fornuft og nyttar tida si betre, og her kjenner alle kvarandre, heime kjenner vi ikkje ein gong naboen.

– I USA er det berre go, go, go.

Oddvar har no planar om å få med alle brødrene sine på tur til Noreg.

– Eg skal koma tilbake snart, eg lengtar heim til Os heile tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.