Lokal | 15. mars 2017

Lensmannen nøgd etter kontroll i Hegglandsdalen

Tysdag hadde politiet laserkontroll i Hegglandsdalsvegen, onsdag morgon sjekka dei bilbeltebruk i Industrivegen.

Lensmannen nøgd etter kontroll i Hegglandsdalen
Politiet målte snittfarten til ein som køyrde i 63 km/t forbi Borgafjell Barnehage i går ettermiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. mars 2017 08:41

Onsdag morgon frå klokka 8.15 til 9 hadde politiet kontroll av tryggleiksutstyr, bilbelte- og hjelmbruk, i Industrivegen.

– 56 trafikantar blei sjekka, alle hadde alt i orden, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal nøgd.

Trass i at seks fartssyndarar blei tatt i Hegglandsdalsvegen tysdag ettermiddag, er han nøgd med køyringa også her.

– Dette er eit område vi av og til får meldingar frå, som handlar om svært høg fart.

– I går blei høgaste fart målt til 65 km/t i 50-sona og det blei skrive ut berre fire forelegg i løpet av to timar med fartskontroll.

Før dei rigga seg til med laseren blei det stoppa ein bil etter snittmåling forbi Borgafjell Barnehage. Vedkomande hadde køyrd i 63 km/t i snitt og fekk 3700 i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.