Lokal | 21. mai 2015

Lepsøyvegen får to felt og fortau

Åtte anbod har kome inn på fylkesveg 158. – Det ligg an til byggestart i august, seier Arild Hegrenæs frå Statens vegvesen.

Lepsøyvegen får to felt og fortau
Vegen er smal og trafikkmengda er stor og aukande på Lepsøyvegen. No blir det betring på delar av strekket. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2015 13:25

I 2009 blei det sett av rundt 60 millionar kroner til utbetring av Lepsøyvegen (FV 158) mellom Grindavoll og Lepsøy.

I 2012 blei det utført grunnundersøkingar – i 2013 låg det også an til byggestart og ny veg klar i 2014. I mellomtida har trafikken til og frå Øyane auka, blant anna grunna fleire byggeprosjekt og mykje tungtransport på den smale vegen.

Men no ser det endeleg ut til at vegen blir utvida, men førebels berre halve strekningen.

– Vi startar med 1,2 kilometer frå krysset på Grindavoll mot Lepsøy, seier seksjonsleiar Arild Hegrenæs.

Inga omprioritering av midlar

Leiar for samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, lokalpolitikar i Os Gustav Bahus (Frp), seier han har inntrykk av at enkelte trur at det i ventetida har vore omprioritert midlar frå Lepsøyvegen til Hegglandsdalsvegen eller Hatvikvegen.

Les òg: Prioriterer opp Hatvikvegen

– Det stemmer ikkje. Prosjektet med Lepsøyvegen har tatt tid, men det har aldri vore snakk om å bruka pengane andre stadar.

Dette blir stadfesta av Hegrenæs.

Årsaka til at ikkje heile vegstrekket blir tatt i eitt har med kostnadsauke frå 2009 til 2015 å gjera.

Les òg: 66 millionar til Lepsøyvegen (sak frå oktober 2014)

Åtte firma har levert pris

Anbodsrunden blei opna i går og til no har vegvesenet fått inn prisar frå åtte entreprenørar.

– Prisane går frå 34 til 43 millionar kroner. Men dette er berre delar av kostnaden, vi kjem nok til å bruka rundt 60 millionar samla sett på dette vegstrekket, seier Hegrenæs.

Ifølgje ein artikkel på tu.no (Teknisk Ukeblad) i dag er det Vestafjell og Vassbakk og Stol som har dei to lågaste anboda.

12.300 kbm fjell skal sprengast frå vegtraseen, yttarlegare 33.000 kbm må tilførast utanfrå. 40.000 kbm lausmasser skal gravast ut.

– Eg reknar med at vi får signert kontrakt i god tid før ferien, og då blir det byggestart i august eller september, seier Arild Hegrenæs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.