
Lesarane sin tur
Inspirert av 8. klassingane på OPPTUR har vi fått turlagsleiar Linda Ann Lohne til å gje oss nokre av sine favorittar i bygda. Samstundes har vi bedt om lesarane sine beste tips.
Turtips 1: Svinningen - Midtsæterfjellet.
Turtips 2: Bjånes - Moldaneset - Smievågen
Turtips 3: Røttingen/Kobbavågen
Turtips 4: I raudlikongens rike
Eit tips som har kome inn som vi ikkje har omtala er turen frå Hegglandsdalen til Rødsfjellet.
- I går kveld var eg med vener på ein nydeleg tur til Rødsfjellet. Turstart: Hjemdal i Hegglandsdalen, retning Krokvatnet. Eg liker best å gå løype B opp, start lengst inne og løype A attende. 3 damer mellom 60 - 65 år brukte i går knapt 3 timar. Løypa er godt merka, skriv tipsaren til oss.
Gudrun Heggland skriv i boka "På mjuke stiar og flotte fjell i Os" fylgjande om Rødsfjellet:
- Rødsfjellet er eitt av dei fjella som har fått "nytt liv". Etter at Os Turlag og Hegglandsdalen Idrettslag tok fjellet med i programma sine, er det mange fleire som brukar dette fjellet enn det var tidlegare.
- Denne turen kan gjerast på to timar, men det kan like gjerne gå fem timar før ein er nede att. Det er ein fin familietur.
- Oppe frå toppen ser ein vidt omkring, ned i Hegglandsdalen, innover mot Svinningen og Samnangerfjella. Det er godt bærterreng.
Midtsiden.no avsluttar med dette miniserien om turtips i Os og ønsker alle ein riktig god tur.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
