Lokal | 22. feb. 2018

Let seg ikkje stoppa av førarkortbeslag

Først blei han stoppa med 2,5 i promille, så køyrde han utan førarkort, med promille, tre gongar til.

Let seg ikkje stoppa av førarkortbeslag
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. feb. 2018 07:55

Tidleg ein fredagskveld i august 2015 blei ein mann i 60-åra stoppa i eit nabolag aust for Os sentrum, mistenkt for promillekøyring.

Det viste seg at han hadde promille på minst 2,52.

Tre gongar seinare, i april 2016 og to gongar i april 2017, blei han igjen stoppa av politiet. Då køyrde han utan førarkort, men med promille (1,37, 1,70 og 1,46), i to ulike nabokommunar av Os.

Den eine gongen i april 2017 nekta han å stoppa for politiet, to dagar seinare køyrde han utan skilt på bilen.

Fekk bot på 130.000 kroner

Tiltalte møtte i retten og erklærte seg straffeskyldig.

«Samlet viser lovbruddene en manglende respekt og forståelse for reglene i vegtrafikkloven» meiner Bergen tingrett.

Mannen blei dømt til fengsel i 70 dagar. Han må òg betala ei bot på 130.000 kroner, og tap av førarretten i 5 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.