Lokal | 20. aug. 2014

Lett mc - tung straff

Politiet: Påkjørt hjort, sovande busspassasjer og gut på mc utan førarkort. Blir du tatt på trimma moped gjelde same, strenge reaksjon.

Lett mc - tung straff
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. aug. 2014 07:24

Å kjøra motorsykkel eller bil du ikkje har førarkort på kan koma til å kosta meir enn det smakte.

Politiet hadde tysdag kveld trafikkontroll i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperreviksvegen. Der delte dei ut gebyr til to bilførarar som ikkje hadde førarkort med seg.

I tillegg stoppa dei ein gut på lett motorsykkel.

– Vedkomande har ikkje førarkort på lett motorsykkel og er meldt for forholdet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Får sperrefrist

I tillegg til forelegg for kjøring utan gyldig førrkort for vedkomande sperrefrist på førarkort på bil på 6 månadar frå fylte 18 år. Hadde han hatt førarkort på moped ville han ha mista dette, hadde han vore involvert i ei alvorleg ulykke ville sperrefrista blitt dobla.

§ 24 a.Sperrefrist for retten til å føre førerkortpliktig motorvogn på grunn av straffbart forhold m.m.
Den som har kjørt motorvogn uten å ha førerett for den aktuelle førerkortklassen, kan ikke få slik førerett første gang før det er gått 6 måneder siden den ulovlige kjøringen fant sted. Er han yngre enn den lovlige minstealderen for slik førerett, løper sperrefristen til det er gått 6 måneder fra den dagen han oppnår minstealderen. Er det voldt større skade ved kjøringen, skal sperrefristen etter første og andre punktum være ett år. Tilsvarende gjelder også for den som ulovlig endrer maksimal hastighet eller ytelse i motorvogn i strid med § 13 femte ledd.

Det betyr at dersom du kjører trimma moped, altså har endra yteevne på mopeden, så vil du også bli straffa med førarkortbeslag og sperrefrist på nytt førarkort.

Har vi tolka dette rett kan du venta deg dette om du blir tatt, med mopelappen, på trimma moped:
1. Forelegg for å ha endra yteevna.
2. Nok eit forelegg for å kjøra noko du ikkje har førarkort på (du har jo laga ein lett mc av mopeden din).
3. Beslaglagt mopedførarbevis.
4. Sperrefrist på bilsertifikat i 6-12 månadar frå fylte 18 år.

Påkjørt hjort og trøytt passasjer

Litt over midnatt blei politiet kontata av ein bussjåfør som fortalte om ein sovande passasjer han ikkje fekk liv i.

Bussjåføren blei oppmoda om å prøva igjen, og politiet høyrde ikkje noko meir frå sjåføren.

Rett over midnatt kom det også melding om påkjørt hjort ved Røykenes.

Bilførar var uskadd og hjorten var levande, men låg skadd i grøfta. Viltkontakt rykte ut for å avliva dyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.