
Lettare å dømma rusa førarar
I statsråd fredag blei det vedtatt ei rekkje endringar i vegtrafikkloven som skal gjera det lettare å dømma førarar som køyrer i rusa tilstand.
- Rus og bilkøyring høyrer ikkje saman, slår samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa fast.
- Eg er difor glad for at det no blir like lett å dømma dei som køyrer i narkotika- og medikamentrus som dei som køyrer i alkoholrus.
Køyring i rusa tilstand er eit alvorleg og aukande trafikktryggleiksproblem. Det nye regelverket som blir innført frå 1. februar likestiller køyring med alkohol og køyring med anna rus, slik at fleire i den siste kategorien kan bli dømde enn det som er tilfelle i dag.
Ikkje vore grense
Heilt sidan 1936 har det vore ei grense som har definert når køyring har vore straffbart. I dag er den på 0,2 promille når det gjeld alkohol. For andre typer rus har det ikkje vore sett tilsvarande grense.
I slike saker har skyldspørsmål og staffeutmåling i stor grad vore basert på medisinske sakkunnige si vurdering i den enkelte sak. Dette har gjort at ofte har alkoholrusa førarar blitt straffa strengare enn førarar som har vore rusa på narkotika eller medikamenter.
- Slik skal det ikkje vera, meiner samferdsleministeren.
Innfører grenser
Regelendringane som blei vedtatt fredag gjer at ein no forenklar straffeutmålingreglane til tre intervall tilsvarande 0,2 - 0,5 og 1,2 promille både for alkohol og andre stoff.
Legemiddel brukt i samsvar med behandling er unntatt frå regelen.
Unge kan miste lappen
Det blei òg innført ein særregel når det gjeld førarar som har førarrett på prøve.
Uerfarne førarar vil får 1. februar kunne tapa føraretten i inntil eitt år om dei køyrer med promille mellom 0,2 og 0,5.
- Målet er å få ned talet på ulykker med unge og uerfarne førarar, avsluttar samferdsleministeren.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no