Matias vog 106 kilo då han var 15 år, her på Norway Cup sommaren 2015. I haust, under eit år etter at han endra kosthaldet, var han 30 kilo lettare. (Foto: Privat/Kjetil Vasby Bruarøy)

Lettare, sterkare, skadefri

Matias (16) ville på førstelaget - gjekk ned 30 kilo på under eit år! Les historia til fotballspelaren, og fem andre som fekk hjelp av lokale rådgjevarar.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lamia Palislamovic (48): Ungdom trener gjerne for utsjånaden sin del, eg trener for å leva til eg blir 80, og for å bli sterk når eg blir gamal. Å leiga ein personleg trenar føltes som det mest egoistiske eg nokosinne har gjort. I ettertid ser eg at heile familien har glede av det.

Lena Lyssand Steend (26): Etter fire operasjonar i same kne var eg likevel ikkje kvitt smertene. Som sjukepleiar blir det mykje gåing på jobb. No trener eg med 45-50 kilo i knebøy og smertene i både rygg og kne er vekke.

Dette seier to av dei seks sprekingane Midtsiden har snakka med. Felles for alle er at dei har trent styrke, og at dei har fått hjelp av rådgjevarar eller personlege trenarar (PT). Personleg rådgjeving er ein bransje i vekst, ei teneste som på Sprek og Blid Os åleine omsette for over ein million kroner i 2016. Fleire ser ut til å ha effekt av styrketrening med tett oppfølging.

Her kan du lesa alle historiane - og resultata - til kvar av dei.

– Blei overvektig då eg slutta med handball

Eva Bugge Rait (19)
Utgangspunkt: Slutta med handball grunna skade, la på seg og ville ned i vekt.
Framgangsmåte: Trente styrke frå før, men med PT blei det fart i sakene.
Rådgjevar/personleg trenar (PT): Torill Bakke.
Resultat: Gjekk ned 15 kilo frå juni til desember, men set minst like stor pris på den auka styrken og treningslysten. Har òg blitt mykje betre i hofta som var skadd, og som var årsaka til at det blei slutt på handballen.

– Eg følte med rett og slett feit etter at eg slutta på handball, fortel Eva.

Mamma Guri hadde brukt personleg trenar i samband med sjukdom, og anbefalte dottera det same.

– Eg trente styrke frå før, men ikkje på denne måten. Torill har vore både flink og inspirerande, ho har fått meg til å pressa meg sjølv og til å lika å trena.

PT Torill Bakke synest Eva har forandra seg mykje på dette halve året.

– Eg trur nok at ho synest at første trening var heilt forferdeleg, men ho blei raskt motivert då ho koom i gang med regelmessig trening, og ho har tydelegvis anlegg, for ho er allereie kjempesterk!

Ved sidan av å gå ned 15 kilo frå juni til jul har Eva blitt sterk, og tar blant anna 105 kilo i markløft.

– Vi har ikkje gjort noko til eller frå med kosthaldet, eg et det same som før. Men det blir jo automatisk litt meir sunn mat når du trener mykje.

Slanka seg inn på førstelaget

Matias Røttingen (16)
Utgangspunkt: Speler fotball, ville ned i vekt
Framgangsmåte: Endra kosthald, i hovudsak med bruk av Herbalife, eigentrening med løping, fjellturar og styrketerening heime ved sidan av fotball.
Rådgjevar/PT: Reidun Vasby
Resultat: Gjekk ned 30 kilo på under eitt år. Fekk plass på førstelaget og blei kåra til mest framgangsrike spelar på Nore Neset G16 i 2016-sesongen.

– Eg har alltid vore litt kraftig, men gradvis la eg meir og meir på meg. Eg trente ingenting utanom fotballen og gjekk heile tida og småspiste på alt mogleg, fortel Matias.

Særleg i 15-årsalderen la han mykje på seg. Bildet over er tatt under Norway Cup 2015, i desember same år vog han 106 kilo.

– Eg merka det ikkje sjølv, og det var ingen som kom med kommentarar, bortsett frå foreldra mine, som var bekymra. Eg prøvde å ta meg nokre turar på Liafjellet og å eta mindre, men eg sprakk etter nokre dagar. Så kom trenaren min, Kenneth Hufthammer, og spurde kven på laget som ville satsa på å koma på førstelaget. Dette var i januar i fjor. Eg meldte meg, men visste sjølv at eg ikkje var i god nok form. Eg hadde innsett kor gale det hadde blitt.

– Det første eg gjorde var å endra kosthaldet. Eg åt mindre generelt, kutta ut søtsaker, brus og brødmat, og erstatta to måltid for dagen med ernæringsdrikk frå Herbalife. Så jobba eg og gjekk tur, og boksa på sekk og trente styrke i garasjen heime eit par dagar i veka utanom fotballen.

– Eg gjekk ned 16 kilo til mai, og det blei mykje kjekkare å spela fotball. Utover sommaren og hausten har eg blitt i stadig betre form.

No veg han 76 kilo. Etter sesongen i fjor blei han kåra til mest framgangsrike spelar i 2016.

– Matias har vore veldig disiplinert, og eg er glad på hans vegne over resultata! Herbalife i seg sjølv fungerer veldig godt, i tillegg har eg hjelpt han med å finna ernæringsrike matvarer utanom.

I april fekk han hjelp til å laga ein måltidsplan, i november fekk han ein ny, justert plan.

– No trener han kvar dag, og då er det viktig at han får i seg nok av dei rette næringsstoffa, seier Reidun.

Gamle, konstante, skuldersmerter forsvann

Therese Johannessen (31)
Utgangspunkt: Levde med smerter etter skade og operasjon i skulder. Ingen behandling var god nok og smertene prega både jobb, humør og søvn.
Framgangsmåte: Trente frå før, men med personleg rådgjeving og nytt program kom framgangen fort.
Rådgjevar/PT: John Hauge
Resultat: Blei smertefri, har no berre éin til to gongar i månaden at smertene kjem igjen ein dag eller to. Dette har resultert i betring på alle område, frå jobb og generelt humør til søvn og overskot på dagtid.

– Eg driv med hest og blei påkøyrd av ein traktor på Stend for rundt 10 år sidan. Den eine foten min sat fast i stigbøylen og eg blei hengande på slep etter hesten og skadde skuldra mi.

For tre år sidan blei skuldra operert, men smertene forsvann ikkje, dei blei verre.

– Eg prøvde alt, både fysioterapi og kiropraktor, men fekk ikkje framgang før eg fekk hjelp til å trena styrke på skikkeleg vis. Eg trente frå før, men tydelegvis ikkje på rett måte.

Det var i juli ho fekke eit skikkeleg program og tett oppfølging. Etter mindre enn ein månad merka ho tydeleg framgang.

– Humøret er det viktigaste, både i jobb og privat, og overskotet eg har fått til både ungane og hestane. Eg gjekk òg litt ned i vekt og blei i betre form, men det er berre ein hyggeleg biverknad.

PT John Hauge seier det er lite fokus på vekt, meir på å trena rett og på å få ei sunn kroppshaldning.

– Vi tar òg kosthald med i rådgjevinga vår, og då handlar det mest om å få i seg nok sunn mat. Dessverre er det mange som vil ned i vekt som et feil og for lite, og dermed får i seg så lite næring at det hindrar framgang. Når du bygger muskelmasse så brenn du meir fett også når du er i ro, derfor kan gjerne vekta visa det same, mens du både ser betre ut og har ein langt sunnare kropp.

Slapp operasjon nr 5

Lena Lyssand Steend (26)
Utgangspunkt: Fekk beskjed om å byrja å trena då ho var på eittårskontroll med kne etter sin fjerde operasjon.  Jobbar som sjukepleiar og hadde smerter i både kne og rygg etter endt arbeidsdag.
Framgangsmåte: Fekk styrketreningsprogram av PT. Går òg på ulike gruppetimar.
Rådgjevar/PT: Torill Bakke
Resultat: Blei smertefri i kne og rygg, slapp operasjon nummer fem og auka bant anna frå 1 repitisjon med null belastning til å trena med fleire repetisjonar med 45-50 kilo i knebøy.

– Eg trente handball til eg var rundt 15 år og likte å stå slalåm, men skadde kneet mitt og har vore gjennom fire operasjonar, tre av dei har vore meir omfattande.

– I januar i fjor var eg på eittårskontroll med kneet. Då hadde eg ein del smerter, spesielt etter endt arbeidsdag. Eg fekk beskjed av legen at eg måtte byrja å trena styrke, elles blei det kanskje nok ein operasjon, fortel sjukepleiaren.

Lena klarte så vidt éin knebøy, utan nokon belastning, då ho byrja å trena styrke. No trener ho med 45-50 kilo, og tar òg mange repetisjonar med 60 kilo i markløft.

– Både rygg- og knesmerter er no vekke, også etter lange arbeidsdagar. Eg har fått gode tilbakemeldingar frå Haukeland og slepp ny operasjon.

– Det er dessutan veldig gøy med framgang, å kjenna at eg blir sterkare i ulike øvingar.

Personleg trenar Torill Bakke er òg fysioterapeut, og fekk stabilisert kneet og auka styrken.

– Du køyrer mykje basisøvingar, både på Eva og Lena, øvingar som markløft og knebøy har vel rykte på seg for å kunna framprovosera skade om du gjer dei feil?

– Ja, men det er gode øvingar, og øvingar folk ikkje skal vera redde for å ta, så lenge dei er trygge på at dei bruker rett teknikk. Om styrken ikkje er der i starten, kan vi bygga varsamt opp med nokre andre øvingar, seier Bakke.

– Det er kjekt å sjå at stadig fleire jenter inntar frivektavdelinga, og at dei blir så sterke.

Ville bli sunn - blei blant dei sterkaste i Noreg

Lamia Palislamovic (48)
Utgangspunkt: Trente mykje, men sakna framgang, hadde smerter i eit kne og armar «som kokt spaghetti».
Framgangsmåte: Supplerte gruppetrening med styrkeprogram.
Rådgjevar/personleg trenar: Øyvind Taule
Resultat: Smertene i kneet forsvann, fekk ny gnist på trening, betre humør og er i noregstoppen (!) i styrke med 140 kg i markløft.

– Det er ikkje vekt eller utsjånad eg er opptatt av, eg vil ta ansvar for mi eiga helse. Eg veit at eg må jobba i 20 år til, då må kroppen fungera. Eldre slektningar av meg har slite med ulike sjukdomar, både hjarte og karsjukdomar og kreft, og då veit eg òg at eg vil gjera mitt for å forebygga, og for å vera sterk om eg ein dag blir sjuk.

– Eg ønskjer å bli 80 år og eg ønskjer å vera sprek når eg blir gamal, seier Lamia.

Ho har trent i fleire år, både på senter og med løping. I 2013 blei ho skadd i kneet og måtte innandørs igjen, men ho fekk ikkje den framgangen ho ville på gruppetimar.

– Eg var nysgjerrig på frivekter, men våga ikkje, eg såg på det som vanskeleg teknisk og som ei mannsdominert avdeling. Heldigvis bestemte eg meg for å få hjelp.

– Då eg bestilte personleg trenar følte eg at det var det mest egoistiske eg nokosinne hadde gjort. Men eg har no eit anna humør og eit anna overskot, heile familien har glede at dette! Sjølv om sonane mine synest det blir for mykje av det gode, og påstår at eg har så godt humør at dei allar meg for «Alvin og gjengen» når eg kjem heim frå trening.

Det har vist seg at Lamia ikkje berre har god motivasjon og vilje, ho er fysisk sterk og eit talent innanfor styrkeløft.

– Lamia er den sterkaste dama vi har her, ho er sterkare enn mange menn, og ho har ein samla styrkeløftsum utan utstyr som er betre enn vinnaren av NM i hennar klasse i 2016, fortel PT Øyvind Taule.

48-åringen løftar 60 kilo i benkpress, 110 kg i knebøy og heile 140 kilo i markløft.

– Ingenting er umogleg og alder er ingen hindring! Men eg har lyst å bli litt sterkare i benkpress! Mange jenter fryktar at dei skal bli for store om dei trener styrke. Det er jo berre tull, til og med menn, som bygger lettare enn oss kvinner, slit med å bli så stor som dei vil.

Resultat som varer

Renate Andreasson Dale (38)
Utgangspunkt: Var i 2013 utrent, åt usunt og røykte. Slutta å røyka og ville ned i vekt og opp i form.
Framgangsmåte: Endra kosthald, i hovudsak med Herbalife, og byrja å trena styrke og intervalltrening.
Rådgjevar/PT: Reidun Vasby
Resultat: Gjekk ned frå 71 til 62 kg på 4 månadar, og har i dag, 3,5 år seinare, halde formen.

– Det hadde vore jojo-trening for meg i fleire år, vekta berre auka og auka. Eg slutta å røyka, men var lat og utrent, åt mykje sjokolade og drakk cola då eg sakna røyken.

– Eit kurs om kosthald blei redningen for meg. Dette var i slutten av 2013, då eg på fire månadar gjekk ned ni kilo, og gjekk ned i buksestørrelse frå M/L til small.

Dette er 3,5 år sidan. I mellomtida har det variert, både kor mykje tid Renate har hatt til å trena, og kor flink ho har vore til å eta sunt.

– Eg har byrja å studera, og det er ganske travelt.

– Men det eg lærde på kurset sit alltid i bakhovudet. Eg har eit avslappa forhold til kosthald, men et likevel mykje sunnare enn før. Eg bruker framleis same storleik i bukser og er meir aktiv, også i periodar med lite organisert trening, blant anna fordi vi har hund eg går tur med.

– Kurset blei vendepunktet for meg, endeleg er eg innanfor komfortsonen, med meir kunnskap og betre vaner!

Fleire saker

bilde-midtsiden

Iskaldt comeback

24. april 2017

Alexander Heggland har ikkje spelt Norgescup på fire år. Comebacket i helga blei ei kald oppleving.

bilde-midtsiden

Vinter i april

24. april 2017

I går kom snøen, i dag kom sola - og i neste veke skal det bli minst 10 gradar varmare.

bilde-midtsiden

Spennande song og dans på Haugland

24. april 2017

Kajsa Balto tolkar norsk folkemusikk med samiske tonar i Studio E39. Kristine Nilsen Oma kjem med spesiell danseframsyning.

bilde-midtsiden

Alle vil feira 70-åringen

23. april 2017

MS Midthordland fyller 70 år i år. Kommunane Samnanger, Fusa, Tysnes og Os vil ha cruise for å feira «Dronninga av Bjørnafjorden».

bilde-midtsiden

Dyr køyring i sentrum

23. april 2017

Fekk 5350 kroner i forenkla forelegg for å køyre i sentrum natterstid. Mann herpa biler og var valdsam.