Kultur | 24. apr. 2015

Levande musikkmiljø på ny utestad

Bildeserie, bli med inn på nye XS Lounge: Langfredag fekk Os ein ny utestad og livescene, laurdag husar dei sin første konsert.

Levande musikkmiljø på ny utestad
Barsjef Kenneth Carlson trivst i jobben på den nye utestaden XS Lounge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. apr. 2015 09:58

Bildeserie:

Det første som møter deg på XS er den nye scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det første som møter deg på XS er den nye scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
XS Lounge har alle rettigheiter og 20 års aldersgrense begge dagar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
XS Lounge har alle rettigheiter og 20 års aldersgrense begge dagar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utestaden er liten, men med fleire komfortable sitjegrupper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utestaden er liten, men med fleire komfortable sitjegrupper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Førre drivar gjorde ein god jobb med oppussing før han la ned, seier Carlson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Førre drivar gjorde ein god jobb med oppussing før han la ned, seier Carlson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvar fredag er det jam. Enkelte laurdagar blir det også konsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvar fredag er det jam. Enkelte laurdagar blir det også konsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På scenen laurdag: Bodeen. F.v.: Bodin, Haugan, Roset og Saratonev. (Privat foto)
På scenen laurdag: Bodeen. F.v.: Bodin, Haugan, Roset og Saratonev. (Privat foto)
1 av 6

I påsken opna ein ny utestad i Telthuskvartalet i Os sentrum. Thomas Lunder sitt selskap Norway Promotions AS driv utestaden, som har fått namnet XS Lounge.

Barsjef Kenneth Carlson er frå Bergen, men bur no i Os. Han fortel om ein fin start.

– Lokalet var veldig bra, drivarane av førre utestad har tydelegvis pussa opp ein del før dei la ned.

– Vi ønskjer å skapa eit godt miljø for musikarar og bygde ny scene. Vi fekk også inn nokre nye møblar før opning.

Trass namnet, som dei fleste tolkar som «Extra Small Lounge», er det ei grei mengde komfortable sitjeplassar rundt dansegolv og scene.

Jam kvar fredag

Med 60-70 gjestar dei første fredagane er XS-drivarane nøgd.

– Det er tydeleg at det er eit rikt musikkmiljø i Os, og eit fint publikum. Laurdagane har også vore greie besøkstal, med folk frå 20 til 60 år som kjem innom.

– Med Bar(t), Solsiden, Catten og oss har osingane fått seg ei lita løype så dei kan gå pub til pub om dei vil.

XS kjører jam kvar fredag, men vil også ha livemusikk enkelte laurdagar.

Første band ut: Bodeen

XS Lounge sin nye livescene har også blitt lagt merke til utanom Osbygda.

– Det bergensbaserte bandet Bodeen viste interesse for å spela hos oss og i morgon går dei på scenen.

Bodeen er eit relativt nystarta band som består av rutinerte musikarar med lang fartstid. Bandet speler både eige materiale og coverlåtar, i hovudsak blues, men leikar seg også med sjangrar som rock, soul og jazz.

Bodeen består av: Cecilie Carina Bodin (vokal), Kjell Ivar Haugan (gitar), Kristian Roset (bass) og Jordan Saratonev (trommer).

XS Lounge har normalt fri entre fredag og laurdag, også på jam, men når det er laurdagskonsert er det billettsal i døra. Utestaden har 20 år som aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.