Lokal | 26. mai 2018

Leve hele livet i Os (og Bjørnafjorden)

Lesarinnlegg: Ernst Hoff (H) om matservering i den kommunale eldreomsorga.

Leve hele livet i Os (og Bjørnafjorden)
Luranetunet (foto: KVB)
Lesarinnlegglørdag 26. mai 2018 07:52

Riktig mat og ernæring kan redusera medisinbruk og gje eldre meir energi. God mat og godt fellesskap er viktig for at eldre et nok mat. Difor er mat ein viktig del av reformen «Leve hele livet». Maten skal sjå freistande ut, den skal smaka godt og lukta godt.

Under- og feilernæring kan vera eit stort problem for mange eldre. Difor vil regjeringa at helse- og omsorgstenesta kartlegg, risikovurderer, evaluerer ernæringstilbodet og iverkset tiltak for den enkelte, slik at vi kan forhindra feilernæring.

Prosessen i Os har allereie starta med middagsservering til eit tidspunkt då resten av oss et middag.

Alle kommunar bør ha kjøkken- og matfaglig kompetanse i helse- og omsorgstjenesta, uavhengig av kvar maten vert produsert. Os kommune har i dag ei avtale med ekstern leverandør, noko enkelte meinar ikkje er tilfredstillande. Kvar maten produserast, treng ikkje sei noko om kvaliteten på maten, men kommunen må ha kontroll i alle ledd fram til forbrukar.

I Os kan vi frå tid til annan høyra at maten som vert servert på institusjon kan ha varierende kvalitet. Då må vi identifisera om årsaka ligg i produksjonsleddet, transportleddet eller ved ferdigstilling av maten i institusjon.

Ved varierande kvalitet eller konsistens på maten, kan problemet sjølvsagt ligga hos produsent. Då stiller produsenten seg i ein vanskeleg juridisk situasjon med tanke på å tilfredsstilla forpliktingane sine. Ernæringsmessig bør vi i alle tilfelle gå ut ifrå at ein profesjonell leverandør tilfredstiller dei krava som er sett. Transportleddet bør vera greit å kontrollera. Når det gjeld ferdigstilling av mat på institusjon, er det kommunen sitt ansvar, saman med avdelingsleiarar, å oppfylla si plikt om opplæring av dei ansvarlege for ferdigstilling, tilbereding og servering av mat på den enkelte avdeling.

Brukarundersøkingar føretatt i Os, har vist gode resultat når det gjeld mat i institusjon, til trass for at vi jamneleg får høyra annleis. Det betyr ikkje at vi skal vera tilfredse, då vi alltid skal søkja å heva kvaliteten gjennom opplæring og kompetanseheving. Om det skal byggjast eige institusjonskjøkken på Luranetunet, må vi ta stilling når vi veit kva tilskotssatsar det vert lagt opp til frå regjeringa si side, men er òg eit tema som bør drøftast gjennom kommunereformarbeidet. Kanskje det fins andre løysingar her vi enno ikkje har sett.

Vi er heldige som bur i vår kommune, med alt som vert tilrettelagt for eldre og pleietrengande. Os vert sett til av andre kommunar, og vi får mykje heder for det vi har gjort og gjer rundt satsing på frivilligheten, Luranetunet, velferdsreiser, «Trygg i Os» osv.

Men; vi skal ikkje kvile på laurbæra, så gje beskjed om noko trengs justerast eller forbetrast.

Målet er at dei eldre skal sjå FRAM til måltida!

«LEVE HELE LIVET» I OS (og BJØRNAFJORDEN)

Ernst Hoff
Bjørnafjorden Senior Høyre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.