Sport | 10. feb. 2018

Lever som eit B-menneske i Korea

– Det gjekk fint å snu døgnet, isen verkar rask og formen er på topp, melder Sverre frå Gangneung. Søndag morgon er det 5000 meter.

Lever som eit B-menneske i Korea
Sverre har både sykla og testa isen etter ankomst, og deler bilde frå OL med sine drygt 3400 følgjarar på Instagram. (Privat foto)
Andris Hamrelørdag 10. feb. 2018 09:38

OL er i gang og Sverre Lunde Pedersen er på plass i Gangneung i Sør-Korea. Byen er vertsskap for all is-idrett under leikane.

– Isen og forholda er bra, så det kan bli gode tider, seier Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden.

• Les òg: Trur Sverre tar OL-medalje

Søndag morgon klokka 8 norsk tid startar 5000-meteren. Løpet blir sendt på Eurosport.

– Eg føler meg i god form og er innstilt på å vera med og kjempa om medalje.

Sover frampå

Gangneung har over 200.000 innbyggarar og er økonomisk senter i Yeongdong-regionen. Byen ligg på austkysten, har ei lang sandstrand og er eit populært reisemål også om sommaren.

Ei av årsakene er at byen er ein fin stad å sjå soloppgangen frå. Kor tid sola står opp om vinteren har Midtsiden ikkje sjekka, men det ser heller ikkje ut til at Sverre har eit anstrengt forhold til å få dette med seg.

– Vi snudde litt på døgnet før vi reiste frå Noreg, og sidan konkurransane går på kveldstid her borte så legg vi oss seint og står opp seint. Eg føler ikkje at tidsforskjellen har hatt noko å seia for formen.

Det er 8 timar tidsforskjell mellom Noreg og Korea, 5000-meteren søndag startar med andre ord klokka 16 lokal tid.

Etter 5000 meter ventar desse distansane på Sverre (norsk tid):
Tysdag 13/2 kl 12.00 (Eurosport): Skøyter – 1500 meter, menn (M)
Torsdag 15/2 kl 12.00 (Eurosport): Skøyter – 10 000 meter, menn (M)



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.