Lokal | 17. juli 2014

Leverer to-tre båtar for dagen

– Det er heilt vilt no, alle vil ha båt, seier Bjørn Askvik frå Askvik Maritim. Også Askeladden og AK Drange fortel om travle dagar i sommarvarmen.

Leverer to-tre båtar for dagen
F.v.: Bjørn Askvik, Jenny Drange og Jonathan Dyrstad på båtmessa Dra til Sjøs. No gler dei seg over høg temperatur i båtmarknaden. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. juli 2014 08:12

Bildeserie:

I desse dagar går det 2-3 båtar av River og Vernøy ut dørene hos Askvik Maritim. (Foto: KVB)
I desse dagar går det 2-3 båtar av River og Vernøy ut dørene hos Askvik Maritim. (Foto: KVB)
I 50 knop: Askeladden har allereie selt og levert 25 av nye C75 Cruiser. (Foto: KVB)
I 50 knop: Askeladden har allereie selt og levert 25 av nye C75 Cruiser. (Foto: KVB)
1 av 2
I desse dagar går det 2-3 båtar av River og Vernøy ut dørene hos Askvik Maritim. (Foto: KVB)
I 50 knop: Askeladden har allereie selt og levert 25 av nye C75 Cruiser. (Foto: KVB)

Ein varm vår etterfølgt av rekordvarme i juli har, saman med at hk-avgifta forsvann i juli, fått båtmarknaden tilbake på gamalt spor.

– Det er mange år sidan eg har vore med på liknande temperatur i båtmarknaden, seier Bjørn Askvik.

I mars starta han det nye selskapet med det gamle namnet Askvik Maritim. No har han allereie selt 30 påhengsmotorar og nærmare 50 båtar.

Kort leveringstid

– I tropevarmen i førre veke, og denne veka her, har det vore heilt vilt. Både River og Vernøy er båtar i ein prisklasse der folk bestemmer seg fort, eg har levert 2-3 båtar for dagen dei siste vekene.

Dei små, ungdomsvenlege River-båtane med 9,9 hk på er bestseljaren.

– Det er kjekt å sjå at så mange unge er interessert i båt. Eg passer på å alltid ha leveringsklare båtar for dei som vil ha med éin gang. No byrjar det å bli tomt for påhengsmotorar frå leverandørane, men det kom nyleg nytt lass med fly til Gøteborg som er venta til Vestlandet med trailer denne veka.

Askvik Maritim sel også større båtar og har selt begge dei to Nordic Oceancraft-båtane dei tok inn tidleg i sesongen.

– Eg har ein 28-fot i bestilling og tar inn fleire før neste sesong.

Full fart i butikken

Askeladden Boats-butikken Båtens Beste i Askvik har også hatt ein god vår og ein travel sommar.

– Det har vore ekstremt hektisk, langt over normalen, no i juli, seier Jonathan Dyrstad.

– Både butikken og verkstaden har travle dagar, mens salet av større båtar roa seg litt då ferien starta. Dei som kjøper båtar til rundt 500.000 handlar ikkje så ofte på impuls. Men denne fine sommaren får nok ringverknadar langt inn i neste sesong, trur han.

Askeladden lanserte to raske båtar i år, C75 Cruiser og C75 Center Cabin.

– Dei har fått mykje merksemd og vi har hatt mange på prøvekjøring. Det er produsert og levert 13 av Center Cabin og 25 av Cruiser.

Kraftige løft på Drange

AK Drange sel framleis Ibiza, men mest frå butikken i Bergen. På Drange går det i sal av påhengsmotorar, service, reparasjonar, vinterlagring og drift av marina.

– Det store nye hos oss er at vi nettopp har fått montert ein kraftig kran. Den gamle tok 5 tonn, denne tar 10 tonn, fortel Jenny Drange.

– Før måtte vi leiga kranbil for å få dei største kundane våre på land for vedlikehald, no kan vil pleia fleire kundar med store båtar på ein raskare og betre måte.

Også Jenny fortel om stor etterspurnad etter påhengsmotorar.

– Vi har selt 14 påhengsmotorar berre i juli, dei fleste på rundt 100 hk, men også ein del på 20 og 50 hestekrefter.

– Mercury og Suzuki leverer dessutan eigne prisgunstige gummibåtar som du kan ha ein liten påhengsmotor på, og desse har det gått mykje av no i sommarvarmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.