Luranetunet 2017 - Consto

Levert presis - på budsjett

Video og bildeserie frå staseleg opning på Lurane.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

VIDEO: Hovudentreprenør Consto Bergen AS viste video under opningsfesten. Midtsiden har klipt den ned og supplert med nokre bilde frå byggeprosessen. (Foto: Consto/Midtsiden)

Dei 130 inviterte gjestane samla seg i kantina før einingsleiar og vertsskap, Aud Winsents, ønskte alle vlekomen inn i tropehagen. Der var lyset tona ned. Leonard Cohen sin versjon av Hallelujah gjekk over høgttalarane. Rundt fiskedammen og mellom palmene var det dekka til middag.

Kvelden i forvegen hadde elevar frå Os kulturskule konsert i tropehagen. Denne kvelden sto Fonos på scenen.

– Kvaliteten i eit samfunn kan målast i korleis vi tar oss av våre eldre og andre som treng omsorg. Med denne utvidinga av Luranetunet har Osbygda fått seg eit markant løft, sa prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen, då han talte for 130 inviterte gjestar under offisiell opning tysdag 28. november.

• Les òg: Ope hus på nye Luranetunet

9000 kvadratmeter, 95 rom (75 som er innreidd) og Noregs første tropehage. Høgteknologiske løysingar, sengeheis og Altibox i alle rom og komplet reservestraumanlegg. Geoteknisk varmekjelde frå 250 meter ned i grunnen, for oppvarming om vinteren og nedkjøling på eventuelle varme dagar. Det einaste som ikkje er ferdig med utvidinga av Luranetunet er sansehagen. Plantene skal setjast ned til våren, så dei slepp å kjempa seg gjennom vinteren.

– Ein hall for heltane våre

Døsen, som pensjonerte seg i sommar, men har fullført prosjektet fram til han no i desember går heilt av lønningslista til Os kommune, såg tilbake til både vikingtida og oldtida då han gav rådmann Christian Fotland ein liten passasje:

– Her i tropehagen er det rom for alt frå rekreasjon til konsertar. Babylons hengande hagar, eit av oldtidas sju underverk, blei bygd til dronning Semiramis, så ikkje lengselen til hennar frodige barndomsland skulle bli for stor. Tropehagen kan kanskje òg samanliknast med Valhall, festhallen i Åsgard ifølgje norrøn mytologi. Der var det Odin og Tor som styrte, den eine full av kunnskap, den andre kjent for å vera brå og sta, sa Døsen.

Olje- og energiminister Terje Søviknes, som var ordførar til han i januar i år fekk permisjon for å bli statsråd, kom over fjellet for å delta på opninga. Om Døsen samanlikna seg og Søviknes med Odin og Tor, og kven som eventuelt var kven, blei ikkje sagt.

Avslutta med bøn

– Før bygginga starta blei det funne ein fire tusen år gamal buplass på tomta. Kanskje dette var ein plass vikingane sat og snakka om gudane sine, og om heltane sine. Vi har bygd dette for våre heltar, foreldra og besteforeldra, dei gamle og kloke. Mi bøn til Os kommune når eg no trer av er at de held fram med å halda komforttemperaturen oppe i tropehagen, at ikkje de byrjar å spara på straumen, men held temperaturen på minst 19 gradar om vinteren og 24 gradar om sommaren.

Så gav Døsen honnør til lokale politikarar for dristig satsing og lojalitet til prosjektet.

– Det er i arbeidsmiljø som det vi har mellom administrasjon og lokalpolitikarar vi kan få full utteljing, slik vi no har fått, med mykje bruk av intern kompetanse, ikkje minst med Aud Winsents og Anne Valle si ekspertrise.

– Flink å formidla

Prosjektsjef i Consto, Thomas Jordal, seier det å jobba med prosjektleiarar som Tor Inge og Elisabeth frå Os kommune, har vore noko for seg sjølv.

– Når vi er på prosjekt for det offentlege er det ofte at byggherre har hyra inn eksterne konsulentar. Men Os har stilt med eigne folk som både har kompetansen, eigarskap og kjensler for prosjektet. Dei har vore spesielt gode på å formidla brukarane sine ønskje, så vi betre har forstått oppdraget, seier Jordal.

Han fortel om svært god framdrift med betongarbeidet, og seinare i byggefasen, då dei stykka opp prosjektet i sone etter sone frå veke til veke, for at alle fag skulle oppleva god orden og produksjon.

– Dette fungerte utruleg bra, også for underleverandørane. Det vi ser vi kan bli betre på er å setja av nok tid i sluttfasen, både til samankopling med det gamle og då siste finish skulle utførast, opplevde vi at ting tok litt lengre tid enn venta.

Gåver frå ordføraren

Etter at ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde fått nøkkelkortet, og ordet, sa ho seg imponert over resultatet.

– Ein vill idé har blitt ein realitet. Nye Luranetunet er tilrettelagd og gjennomtenkt til minste detalj, og eg vil takka tilsette og busette ved Luranetunet for innsats og tolmod både i samband med bygging og flytting.

I gåve frå Os kommune har Luranetunet fått måleri av Håkon Bleken og ein skulptur av Sverre Bjertnes.

– Vil ha fleire som dette!

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var invitert, men kunne ikkje koma. Men det hadde ein annan frå departementet, Line Miriam Sandberg (Frp).

– Eg har lenge hatt lyst til å besøka Os. No har eg først vore på rådhuset og snakka om den siste stortingsmeldinga, «Leve heile livet», og no får eg sjå dette fantastiske prosjektet her, seier Sandberg.

– Her har Os igjen hatt mot til å satsa, til å vera først, og dei har skapt noko som gir ro og balam for sjela. Eg vil at vi skal få fleire slike bygg i Noreg, og eg vil ta grupper med meg tilbake til Os for at andre kommunar skal få sjå dette.