Kultur | 12. okt. 2017

Lien ferdig med manus

150 år med Os Bondelag er òg ei historie om Osbygda.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. okt. 2017 08:48

Os Bondelag, som i slutten av september markerte 150-årsdagen sin med utvida versjon av Bondens Dag, skal laurdag feira jubileet med 65 inviterte gjestar i Oseana.

Bondelaget vil òg gje ut bok, og som forfattar har dei engasjert Åsmund Lien.

– Vi er veldig glade for at han tok på seg oppgåva, og nøgde med samarbeidet vi i bok-komiteen har hatt med Åsmund, seier Olav Botnevik, som har sete i komiteen saman med Eivind Moberg, Hans Magnar Eide og Odd Lekven.

– Det blei bok då bondelaget var 100 år, då med Nils Ths. Øvereide som forfattar, og fann ut at det var passande med ny bok no. Den skal ikkje berre handla om bondelaget, men om bøndene og bygda.

Fersk pensjonist takka ja

Lien hadde jobba i over 30 år for kultureininga i Os kommune, dei siste som dagleg leiar for Oselvarverkstaden, då han til sommaren 2016 gjekk av med pensjon. Han tok ein runde med seg sjølv og kona før han takka ja til å ta på seg oppgåva.

• Les òg: Oselvarverkstaden på liste hos UNESCO

– Det er fint å vera pensjonist. Du kan gjera det du har lyst til, når du har lyst til det. Men det kan òg vera travelt. Eg er sjølv fungerande far for barnebarnet mitt, og det er ei oppgåve som har høg prioritet.

Lien, som har skrive eller bidrege i stor grad til rundt ti bøker, brukte likevel ikkje lang tid på å takka ja. Han har blant anna vore nestleiar i Noregs Mållag og han har skrive bok om Osbanen (1994, 192 sider, då Pan Trafikk var 100 år).

– Å skriva bok er òg noko eg kan gjera når eg har lyst. Det har skjedd mykje i Os dei siste 50 åra, ikkje minst med bøndene, seier Åsmund, som sjølv er vaksen opp å gard, i Hegglandsdalen, på ei tid då det var mange mjølkeleveradørar i Dalen.

Manus til 128 sider er levert til Vidar Langeland, som står for utforming. I løpet av oktober skal filene leverast til trykkeriet og i starten på desember kjem boka for sal. Det var førehandssal av boka under Bondens Dag, og salet gjekk godt.

Midtsiden var innom hos Lien då han i førre veke hadde lagt siste hand på verket. Sjå videoreportasje i ruta over.

Vi kjem tilbake med meir om boka nærmare lansering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.