Lokal | 27. nov. 2015

Liften fekk debuten

I samband med ein pipebrann i Auredalen fekk brannvesenet "endeleg" testa den nye liftbilen i ein operativ situasjon.

Liften fekk debuten
Mannskapa frå brannvesenet nytt liften for å ha ein trygg og sikker plattform når dei kontrollerte sotrøret (foto: Os brann, redning og beredskap)
Andris Hamrefredag 27. nov. 2015 08:53

Klokka 1145 torsdag fekk brannvesenet melding om ein mogleg pipebrann i eit hus i Auredalen. Mannskapa rykte ut frå beredskapssenteret på Moberg, for første gong med liftbilen i eit brannoperativt oppdrag.

– Brannen i sotrøret var liten og hadde brent ut før vi kom til staden, men vi må alltid kontrollere sotrøret i etterkant, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Trygg plattform

For å utføra kontrollen på ein trygg og sikker måte blei liften nytta.

– Dette var første gong vi brukte liftbilen operativt. Tidlegare har den vore i bruk på ulike serviceoppdrag for kommunen og andre.

– Med den hadde vi ein sikker plattform for mannskapa som kontrollerte sotrøret etter at brannen var sløkt. Dette er ein operasjon vi må gjera for å forsikre oss om at det ikkje har oppstått sprekker, noko som kan, om det har skjedd, forårsaka bygningsbrann ved at gnister eller varmen antenner treverk i bygningen, foklarar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.