Lokal | 29. apr. 2016

Ligg ikkje på latsida

I morgon er det duka for Lions sin årlege tulipanaksjon kor pengane går til to gode, lokale føremål.

Ligg ikkje på latsida
Past-president i Os Lions Terje Hatvik og dei andre medlemmane i Os Lions ligg ikkje på latsida før morgondagens tulipanaksjon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 29. apr. 2016 10:24

I heile landet gjennomfører Lions den humanitære tulipanaksjonen laurdag.

– Formålet er som alltid rusforebyggande tiltak eller aktivitetar for ungdom for å halda dei vekke frå rus, fortel pastpresident i Os Lions, Terje Hatvik.

Sigrid og Patricia

Aksjonen støtter ein ved å kjøpa ein bukett tulipaner for 100 kroner frå Lionsmedlemma som vil stå på stand fleire strategiske plasser i bygda.

– Tulipanane er kortreiste. Dei kjem nemleg i flotte fargar frå Lyssand gartneri på Skeie. Overskotet av aksjonen går alltid uavkorta til lokale føremål.

– I år har medlemmane i Os Lions bestemt at det skal delast i to like store deler. Mottakerane blir Sigrid Tvedt og det arbeidet ho er del av for unge rusmisbrukarar. Den andre delen vil vi gje til Patricia Langeland og hennar dansegrupper. Sunne fritidsaktiviteter er godt rusforebyggande arbeid, seier Hatvik.

Dei siste åra har tulipanaksjonen i Os støtta fleire skateparker, Os MX & MC-klubb og i fjor Ung Lørdag, ungdomsklubben på Os barneskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.