Sport | 25. apr. 2018

Ligg an til god deltaking og fint vêr

Os Rundt 1. mai: Vil du sykla Ulvenmarsjen-løypa med familien eller prøva å slå rekorden over Fanafjellet?

Ligg an til god deltaking og fint vêr
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2018 07:21

Bildeserie:

Frå starten ved Os Gymnas i fjor. (Foto: KVB)
Frå starten ved Os Gymnas i fjor. (Foto: KVB)
Løypene går om sentrum og Skeie før dei skil lag på Ulven. (Foto: KVB)
Løypene går om sentrum og Skeie før dei skil lag på Ulven. (Foto: KVB)
Mål er òg i Gymnasvegen. (Foto: KVB)
Mål er òg i Gymnasvegen. (Foto: KVB)
1 av 3
Frå starten ved Os Gymnas i fjor. (Foto: KVB)
Løypene går om sentrum og Skeie før dei skil lag på Ulven. (Foto: KVB)
Mål er òg i Gymnasvegen. (Foto: KVB)

CK Henie, som fyller 90 år til hausten, arrangerer no Os Rundt for 39. år på rad. Datoen er som vanleg 1. mai.

Start og mål er ved Os Gymnas, både for det 15 km lange trimrittet som tilsvarar løypa til Ulvenmarsjen og det 42 km lange rittet som går frå Ulven over Fanafjellet og tilbake til Os.

– Vi har vore oppe i rundt 20 i deltakarar i den korte løypa ein del år, men det har vore klart flest i den lange løypa, seier formann i CK Henie, Edvard Ramsvik.

Mens dei som vil sykla kort løype kan melda seg på per epost, er det EQtiming som gjeld for hovudrittet på 42 km.

– Vi ber alle melda seg på på førehand. Vi har allereie 53 påmeldte, og eg ser blant anna at Åsane CK stiller sterkt.

Rekordåret 2012

Både deltakarrekorden og løyperekorden er frå 2012.

Det året var det 180 deltakarar på 42 km og 15 i «familieløypa» rundt Ulven.

Ørjan Nordtveit frå Sykkelkomponenter.no, som deltok i klassen 20-24 år, sette ny løyperekord med tida 1:01:04.

Rask, men ikkje rekord

I fjor var det 109 deltakarar i Os Rundt. Vinnaren, Øystein Blom-Ohlsen frå Åsane CK, kom i mål på 1:00:55, men var likevel 44 sekund frå løyperekorden.

– Nytt i fjor var at tidtakinga ikkje starta ved gymnaset, syklistane måtte rundt Rema og ned på Byvegen, der klokka starta då dei passerte krysset ved Gymnasvegen. Deltakarane blei dessutan haldne bak masterbilen fram til rundkøyringa i Os sentrum, forklarer Ramsvik.

Arrangørane har rekna ut at det må leggast til 53 sekund når tidene skal samanliknast med tidlegare tider.

Det betyr at du må sykla 42 km på 1:00:11 om du skal tangera løyperekorden.

Gode vêrmeldingar

– Vêret har alltid ein del å seia. Vi har ofte vore heldige og hatt sol denne dagen, men vinden betyr òg ein del.

Vêrvarselet så førebels bra ut, med lettare vêr fredag og sol frå laurdag til og med tysdag 1. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.