
Liker du hummar?
Har du planar om å fiska hummar i år? Eller kanskje har du andre fiskerelaterte spørsmål du vil ta opp med dei som kan meir om reglar og bestanden.
– Huvudtemaet er hummarfiske, men vi kjem nok innom fleire emne, seier Vermund Halhjem.
Halhjem er nestleiar i Os Småfiskarlag, som har invitert skipssjef Roger Hoel frå KV Tor og Ann-Lisbeth Agnalt med fleire frå Havforskinga til å halda seminar i Oselvarnaustet.
– Det er stor interesse for hummarfiske i Os så vi tenkte dette kunne vera av interesse for fleire. Det er eit ope møte der vi får høyra meir om korleis Kystvakten jobbar og kva resultat Havforskinga har notert etter merkinga av hummar i Bjørnefjorden i 2-3 år.
Møtet startar klokka 19 og har fri entré.
– Kanskje får du ein kopp kaffi òg, om du er heldig, lokkar Halhjem.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no