Lokal | 24. sep. 2014

Likevel ikkje billigare buss

Det blir likevel ikkje billigare å reise med buss til Bergen frå Os. Onsdag snudde fylkespolitikarane og legg på prisen i staden.

Likevel ikkje billigare buss
Det spørs om det blir fleire reisande på bussterminalen på Osøyro om billettprisane aukar med 10% (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. sep. 2014 12:48

I juni vedtok Fylkestinget å gjera heile Hordaland til ei takstsone og gjennom det skru ned prisen på enkeltbillett frå Os til Bergen frå 48 kroner som den kostar i dag til ein stad rundt 33-34 kroner.

– Bussen blir med dette ekstremt konkurransedyktig på pris, og Hordaland blir eit foregangsfylke på kollektivtilbud, sa fylkesordførar Tom Chr. Nilsen (H), fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes (V) og gruppeleiar Terje Søviknes (Frp) den gongen.

100 millionar i tapte inntekter

I Fylkesutvalet onsdag snudde fleirtalet av Venstre, Høyre og KrF. Bakgrunnen for den endra handlinga er mellomanna at Skyss har opplevd ein inntektssvikt og kostnadsauke om omlag 100 millionar kroner.

– Vi er nøydd til å ta inn over oss den økonomiske situasjonen. Venstre, Høyre og KrF har difor vald å splitte dei to sakene: Først må vi handtere den store kostnadssmellen innan kollektivtransporten, så kan vi forenkle sonestrukturen seinere, sa fylkesvaraordførar Mona Hellesnes (V) i følgje Bt.no.

53 kroner til byen?

Forslaget frå fleirtalet tyder difor på at ei forenkling av sonestrukturen vil bli utsatt til neste år. Samstundes tydar det på at billettprisane, både på enkeltbillettar og rabattkort vil bli dyrare.

Til ba.no fortel fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) at ei auke i prisane på 10% ikkje er urealistisk.

Om desse prisane blir realiteten tyder det på at ein til neste år må betala 53 kroner for å komma seg frå Os til Bergen med enkeltbillett. Eit månadskort, som i dag kostar 855 kroner, vil koma på 940 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.