Her set Kristoffer Østervold inn 2-0 til Lysekloster (foto: Andris Hamre)

Likt med Brattvåg

Lysekloster vann, Brattvåg spelte uavgjort. No står dei to laga likt med tre kampar igjen.

Av: Andris Hamre

Før Lysekloster tok imot Fjøra heime på Lysekloster Framo Idrettspark laurdag ettermiddag visste dei at dei med siger ville koma likt med Brattvåg på poeng. Laget frå Sunnmøre hadde nemleg rett før spelt uavgjort 0-0 mot Sotra.

Framleis ligg Brattvåg foran Lysekloster med ein vesentleg betre målforskjell. +41 mot Lysekloster sine 18 plussmål.

– Det at vi er ajour på poeng endrar ingenting. Vi skal vinna dei tre siste kampane. Akkurat som vi sa før denne kampen at vi skulle vinna ei fire siste, seier Lyseklostertrenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Fjøra 2-0 (1-0)
Målskårarar: Ken-Joar Føyen og Kristoffer Østervold
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, Mirza Mujcic, Ken-Joar Føyen, Kasper Hjørngaard, Thorvald Trætteberg, Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Armin Pasagic, Joakim Helland, Kristoffer Østervold, Stian Dyngeland

Sjå tabellen 

Spel mot eitt mål

Det blei aldri ei spennande kamp i Lysefjorden. Til det var forskjellen mellom tabelltoar Lysekloster og tabelltoar om du snur tabellen opp ned, Fjøra, for stor.

Lysekloster tok føringa frå start og heldt den kampen gjennom. I det store og heile var det spel mot eitt mål. Fjøra var vel strengt tatt frampå berre ein gang, medan Lysekloster burde ha vunne med både fire og fem mål. Blant anna etter ei heading i stolpen og sjansen Kristoffer Østervold hadde aleine med keeper.

– Eg er ikkje kjempenøgd etter denne kampen. Eg veit vi kan så mykje betre. I Lysekloster skal det vera lov å spele på risiko, men det er ikkje lov å slurva.

– No bidreg jo ikkje Fjøra til at det blir noko særleg til fotballkamp heller slik som dei legg seg bakpå, men det er vi vant med her heime. Laga som kjem hit har nok respekt for oss, oppsummerar Hetlevik.

I kampen om opprykket har Lysekloster no igjen Varegg borte, Sotra heime og Brann 2 borte. Brattvåg skal også møte Brann 2 borte, Haugesund 2 heime før dei avsluttar mot Os på Kuventræ.