Lokal | 19. mai 2017

Linda legg seg langflat

Bonde-blokaden: Dette angrar Linda på at ho sa.

Linda legg seg langflat
Linda har vakse opp på gard og liker å gå med cowboyhatt. No ber ho om tilgjeving for ein uttale om dagens blokade av bøndene. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mai 2017 22:30

Då Linda Andersen, innehavar av Er-An Veikro, torsdag kveld fekk høyra om komande blokade av fleire grossistlager, blei ho både stressa og sint. I løpet av helga ventar ho rundt 2000 gjestar - skulle ikkje desse få mat? Vil bøndene verkeleg ramma sine eigne kundar på denne måten?

Før ho la seg til ei søvnlaus natt la ho ut ei krass melding på sin eigen private Facebook-profil. Fredag morgon lét ho seg intervjua av to aviser, inkludert Midtsiden.

– Eg burde ha venta. Mange kjenner meg som smilande og blid, men eg har ei kort lunte. Eg var sint og det var tidleg på morgonen, ein dårleg kombinasjon når du skal stilla til intervju.

Både privatpersonar og bønder har kommentert og sendt meldingar i krasse ordelag til Linda.

– Eg har ikkje fått så mykje kjeft sidan eg dreiv gatekjøkken-versjonen av Er-An Veikro, og stadig sette softis-plakatar ut i vegen. Statens vegvesen var ikkje blid.

– Ja, eg held fram med norske varer

At Linda synest at blokade er eit dratisk verktøy står ved lag.

– Dette gjeld ikkje berre bønder, det gjeld andre som tyr til verkemiddel som råkar mange uskyldige, anten det er transport eller helse det er snakk om.

– Det eg angrar på at eg sa, var at eg vurderte å slutta å kjøpa norsk mat. Dette var tomme trugslar og ikkje riktig av meg å seia.

Ho seier ho legg seg langflat når det kjem til denne kommentaren.

– Eg er nøgd med kvaliteten og vi klarer å driva butikk med dei prisane det er på norsk mat. Vi kjem til å halda fram akkurat som før.

– Bøndene har rett til å kjempa for si sak, men der og då var eg både stressa og sint, utan at eg hadde sett meg inn i deira sak. No er eg nøgd med at blokaden bere varte til klokka 9, og ønskjer bøndene lykke til med si sak. Så håper eg at dei vil tilgje meg, ein cowboy til ein annan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.