Lokal | 12. aug. 2017

Lite tull på Osfest

To menn blei vist vekk - av kvar si årsak.

Lite tull på Osfest
I tillegg til vakthaldet ved Osfest har politiet ekstra bemanning denne helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. aug. 2017 07:41

Fredag starta Osfest, samtidig var det bra med folk på utestadane i Os sentrum, ikkje minst hos Hanne's Konditori og Musikkbar, som køyrer eige liveprogram denne helga.

Med godt vakthald på festivalen og ekstra med politi på patruljering var det duka for orden på Øyro, og sånn blei det.

– Loggen frå fredag og natt til laurdag tyder på at første festivalkveld har gått fint, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

To menn blei viste vekk frå festivalområdet.

– Den eine grunna oppførsel, den andre fordi han kjøpte alkohol til mindreårige.

Også i Os sentrum fekk ein mann i 20-åra pålegg om å fjerna seg grunna måten han oppførte seg på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.