Fotball | 01. aug. 2009

Litt skuffa - veldig stolt

Juniorlaget til Os suste fram til kvartfinalen, men tapte ein jamn kamp mot laget som nettopp spelte finale. Os-trenaren er imponert over spelarane han hadde med seg. (Sjå fleire bilde)

Litt skuffa - veldig stolt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. aug. 2009 09:27

Bildeserie:

1 av 6

Os vann 6-0 og 1-0 i innleiande kampar, 4-0 over Kurdistan og 4-0 over Fana i sluttspelet. Med 15-0 i målforskjell sto dei fredag kveld klar til kvartfinale mot afrikanske SEFA Abidjan. SEFA gjekk på eit knepent tap i finalen i Dana Cup, og viste seg tidleg som ein god motstandar.

- Laget kjem frå eit fotballakademi i Abidjan, den største byen i Elfenbeinskysten. Dei var veldig gode med ballen, og i første omgang blei vi springane litt imellom, seier Os-trenar Øyvind Steffensen.

Men Os hadde sine sjansar. Ramo, som skåra til saman fire mål i dei fire første kampane, var åleine gjennom to gongar. Dessverre for Os blei ikkje abslutningane gode nok.

Marcus redda straffe
Fem minutt ut i andre omgang skåra Abidjan på ein retur. Minuttet etter var Erik Kanestrøm der, med den same gode lobbefoten som mot Fana, og det sto 1-1.

- Då såg det ut til å bli litt trøbbel i leiren til motstandarane, og betre blei det ikkje då Marcus meisterleg redda eit straffespark, fortel Øyvind.

Ei stund såg det ut til at Os skulle slå dei frustrerte afrikanarane, men så fekk dei fulltreff på eit langskot, om lag midt i den 30 minutt lange omgangen.

- Etter dette blei det mykje drøying av tida, dei la seg ned og lata som om dei blei skadd i nesten kvar duell, og brukte så lang tid på å ta det eine kastet at dei fekk gult kort. Dei burde nok fått fleire kort, meiner Steffensen.

Osingane blei frustrerte og tida gjekk. Kampen enda 1-2.

- Vi var skuffa, og spelarane var nok mest skuffa fordi det ikkje blei spelt fotball i dei avgjerande siste 15 minutta. Trenarane deira sa at vi var det beste norske laget dei har spelt mot, det får vera ei trøst, seier Steffensen.

Han legg til at reisa og det sosiale saman med innsatsen og samspelet har vore ei veldig positiv oppleving.

- Eg er stolt, og det synes eg gutane også skal vera. Dei har vist ei fantastisk haldning både på og av banen, og prestert veldig bra i kampane.

SEFA Abidjan vann 1-0 i finalen mot Kolbotn etter å ha slått Træff 4-1 i semifinale.

Under ser du bilde frå 16-delsfinalane til juniorlaget og gutelaget torsdag. (Privat foto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.