Kultur | 14. juli 2014

Livet på Uggdal

Tysnesfest er over for i år. Dei mest morosame minnene var det nok mange som fekk på campen.

Livet på Uggdal
Festivalcamp under Tysnesfest: Det blir ikkje kjekkare enn du lagar det sjølv. (Foto: Kine Evensen)
Kine Evensenmandag 14. juli 2014 06:32

Bildeserie:

Med volleyball-konkurranse blei denne gjengen klar for ein ny festdag. (Foto: Kine Evensen)

Halhjem Drikkelag stilte sterkt i år òg. (Foto: Kine Evensen)

Jannicke Vabø og Silje Johannessen. (Foto: Kine Evensen)

Varm lunsj på Ørjan Bjørgo, Margrethe Sognæs, Lindy F. Laupstad. (Foto: Kine Evensen)

Tommy Våge måtte kjøla ned både seg og drikka si. (Foto: Kine Evensen)

Delar av den store campen. (Foto: Kine Evensen)

Hugs å ringa heim ... Vibeke Olsen. (Foto: Kine Evensen)

Rebekka Helgesen og May Lill Helgelsen. (Foto: Kine Evensen)

1 av 8

Tysnesfest har frå onsdag skapt eit yrande liv frå Gjerstad og Våge og heilt inn til den utvida, men fullbooka festivalcampen på Uggdal.

Med sol og tropevarme blei det folksamt, men likevel kontrollerte former på campen.

– Sjølv om det var rekordmange på campen i år var det rolegare enn tidlegare år.

– Kanskje det er varmen som har slått dei ut, ler May Lill Helgelsen.

Sju år med festivalcamp

May Lill har i sju år drive festivalcampen frivillig saman med familie og venar.

– Det blir lite søvn på oss desse dagane. Men det er så kjekt at det gjer ikkje noko.

Dottera hennar, Rebekka Helgelsen, har vore med som frivillig i fire år, og kjem til å halda fram med å hjelpa til.

– Kjekkare enn å vera publikum

Med eit team som står på 24 timar i døgnet hjelper dei frivillige til med å ha mat og drikke tilgjengelig til alle camperane, halda det reint, spre godt humør og ellers hjelpa til om det er noko.

- Det er artigare å arbeida som frivillig enn å delta på sjølve festen, seier Silje johannessen, som er i sitt fjerde år som frivillig.

Camparane er for det meste respektfulle og det er sjeldan noko problem.

- Den største utfordinga er kanskje musikken om morgonen fortel ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.