Sport | 23. apr. 2015

Livleg, men ikkje spennande

Brann klarte seg bra på Kuventræ. Os skapte sjansar og gav publikum eit og anna å jubla over, men var aldri nær å skapa nokon sensasjon.

Livleg, men ikkje spennande
Brann skåra i 5. 13. og 20. minutt og auka til 0-4 før pause. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2015 19:23

Bildeserie:

Skaanes sette lett inn 0-1 på bakerste stolpe. (Foto: Wim Hetland)
Skaanes sette lett inn 0-1 på bakerste stolpe. (Foto: Wim Hetland)
Tribunen var smikkfull då Kuventræ tok imot over 2000 tilskodarar. (Foto: KVB)
Tribunen var smikkfull då Kuventræ tok imot over 2000 tilskodarar. (Foto: KVB)
Olsen avslutta hardt, men rett på keeper før pause. (Foto: KVB)
Olsen avslutta hardt, men rett på keeper før pause. (Foto: KVB)
Krossøy skaut rett utanfor venstre stolpe. (Foto: KVB)
Krossøy skaut rett utanfor venstre stolpe. (Foto: KVB)
Castro skåra tre mål og auke til 0-6 i 2. omgang. (Foto: Wim Hetland)
Castro skåra tre mål og auke til 0-6 i 2. omgang. (Foto: Wim Hetland)
Mikkelsen blei kåra til dagens Os-spelar igjen. (Foto: KVB)
Mikkelsen blei kåra til dagens Os-spelar igjen. (Foto: KVB)
Børge Borgen skåra Os sitt einaste mål i dag. (Foto: KVB)
Børge Borgen skåra Os sitt einaste mål i dag. (Foto: KVB)
1 av 7

Brann tok leiinga i 5. minutt og gjekk opp i 0-3 før halve førsteomgang var spelt.

Både Tune, Olsen og Krossøy hadde gode avsluttingar på Brann-målet i første omgang, men gjestane hadde full kontroll og leia 0-4 til pause.

– Vi fekk ein god start og då blir også divisjonsforskjellen meir tydeleg. Det kunne blitt litt meir spennande om Os fekk det første målet, seier Rikard Norling til Midtsiden etter kampen.

Spennande blei det aldri, men Os løfta seg i andre omgang og publikum var med på notane kvar gong Os var i nærleiken av ein sjanse. Derfor sto også jubelen i taket då eit frispark av innbytar Knut Spangelo Haga landa på foten til midtstoppar-kollega Børge Borgen, som reduserte til 1-6.

Os - Brann 1-6 (0-4)
Mål: 0-1 Kasper Skaanes, 0-2 Alejandro Castro, 0-3 Castro, 0-4 Erik Huseklepp, 0-5 Skaanes, 0-6 Castro, 1-6 Børge Borgen.

Os: Frode Moberg Øvredal - Håvard Grøteide, Torkel Hjertnes (Knut Spangelo Haga), Børge Borgen, Glenn Krossøy – Marius Mikkelsen (Anders Kinden), Adrian Valle (Emil Halver), Kristoffer Østervold - Erik Kanestrøm, Sebastian Skåre Tune og Christer Olsen.
Brann: Kenneth Udjus - Erlend Hanstveit, Kristoffer Larsen, Kasper Skaanes, Alejandro Castro, Erik Huseklepp, Bismar Acosta, Azar Karadas, Kristoffer Barmen, Fredrik P. Knudsen og Amin Nouri.

– Vi blei for nervøse og slapp inn for enkle mål. I pausen bad eg gutane slappa av og ha det gøy. Eg trur også det hjelpte på at Endre Brenne bad dei gje publikum, som var heilt fantastisk i dag, noko å jubla over, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

– Eg synest vi heva oss bra, kom oss meir rettvendt og viste meir glød. Det gav resultat i fleire sjansar og det var kjekt at vi fekk oss ei skåring.

– Vanskeleg forsvarsjobb

Os sin back Håvard Grøteide merka divisjonsforskjellen godt i forsvar.

– Brann var veldig flinke til å bevega seg og å koma i overtal.

– Vi fekk ein tøff jobb og tempoet var eit heilt anna enn i 3. divisjon.

Østervold tilbake

Kristoffer Østervold, som kom til Os frå Austevoll i vinter, var skadd i skuldra. I første kvalifiseringskamp til NM skadde han motsett skulder.

– No var det godt å vera tilbake. Sjølv om det aldri er kjekt å tapa var dette gøy å vera med på, synest Østervold, som både hadde eit hardt skot på keeper i første omgang og eit frispark i tverrliggar som fekk tribunen til å gispa rett før 1-6-skåringa.

– Eg sette inn nokre frispark i fjor og hadde også ei skåring på frispark i treningskamp mot Fana i vinter, seier spelaren som var toppskårar i 4. divisjon i 2014.

– Eit spennande lag

Norling synest det var ei god oppleving å vera på Kuventræ, og meiner Os gjorde grei figur.

– Det ser ut til å vera ein klubb på rett veg. Hassan har gjort ein god jobb og Os framstår som eit tydeleg lag offensivt, skryter Brann-trenaren av sin tidlegare kollega.

Også Karadas og Hanstveit meiner dei ikkje fekk ein lett jobb.

– Vi fekk oss nokre tidlege mål, men det skal også vera forskjell på 1. og 3. divisjon, meiner Azar.

– Fokuset vårt var å halda trøkket oppe i 2. omgang. Det klarte vi, men Os gjorde det vanskeleg for oss i peridodar og ser ut som eit spennande lag, seier Erlend.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.