Lokal | 26. feb. 2015

Lokal omstilling for global berekraft

Lesarinnlegg: Det er feil om ein trur at klimautfordringane berre kan løysast på globalt plan.

Lokal omstilling for global berekraft
(Ill.: MDG)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. feb. 2015 11:18

Det er fort gjort å avskrive klimaproblematikken, eller tenkje at det er noko regjeringa og verdssamfunnet får ta seg av. Men det er ein lettvint luksustanke vi rett og slett ikkje kan kosta på oss. Nasjonale mål og forslag til tiltak strekk på langt nær til. Regjeringa presenterer ein klimapolitikk som tydeleg visar manglande vilje til å gjera det kunnskapen om klimaendringane krev. Det manglar til og med vilje til å s​kaffe k​unnskap om kva som må til - kunnskap som er lett tilgjengeleg for den som er viljug til å opna augo. Vi må også innsjå at kunnskapen krev noko av kvar og ein av oss.

Det kan slåast fast med éin gong: Det vil kosta å omstilla oss. Men omstilla oss, det må vi. Og prisen vi n​o m​å betala er uendeleg mykje mindre enn den vi må betala om vi held fram med augo lukka og let skuta sigla sin eigen sjø. Den rekninga vil vi i​kkje h​a råd til.

Men vi k​an l​ukkast med å bremsa klimaendringane! Det krev handling no. Vi har inga tid å miste! Og så lenge storting og regjering ikkje er viljuge til å vedta konkrete mål og setja i verk tiltak og krafttaka som trengs, er det opp til oss på lokalt plan å starta omstillinga på eiga hand.

Miljøpartiet Dei Grøne stiller med ei solid liste til kommunevalet i Os.​ Vi tek sikte på å bli ei stemme å rekna med i lokalpolitikken. Vi vil bruka stemma til å stilla realistiske og gjennomførbare krav til kommunen, innbyggarane og det lokale næringslivet. Vi vil setja fart på energieffektivisering i bygg og sørgja for at det blir lagt til rette for tilstrekkeleg med ladestasjoner for elbilar. Vi vil stille krav om betre kollektivtransport, og sørgja for at det å reisa kollektivt er eit reelt og fornuftig alternativ til privatbilisme. Trygge og gode sykkel- og gangvegar må på plass, og eit kvart samferdsleprosjekt må målast opp mot strenge klimakrav. Vi kan setja fart på utfasinga av oljefyrar, og vi kan sørgja for eit meir klimavenleg kosthald i kommunale kantiner og arbeidsplassar. Samstundes vil vi starta arbeidet med å skape det framtidsretta lokale næringslivet som skal gje arbeidsplassar som ikkje forringar livsgrunnlaget vårt. Vi vil utvikla Os sentrum til ein triveleg møteplass, med eit godt utval av kortreiste varer og gode og varierte opplevingar. Vi må stogga utviklinga mot ein folketom spøkelsesby med kun langtidsparkering for pendlarar og meiningslause prestisjeprosjekt.

Men det er ikkje berre i politikken vi kan bidra.​ Kvar og ein av oss kan faktisk gjera stor skilnad ved å la bilen stå når det i staden er mogleg å gå eller sykla. Vi kan reisa kollektivt så ofte vi kan og dermed bidra til å styrka ein kundemasse som har påverknadskraft over tilbodet. Vi kan gå over til elbilar og hybridbilar om vi må køyre, og slik vera med på å både direkte redusera klimagassutslepp, og også minska etterspurnaden etter fossilt brennstoff. Vi kan eta mindre kjøt - berre éin kjøtfri dag i veka gjer ein faktisk og påviseleg skilnad for miljøet! Vi kan ta oss råd til å handla kortreiste varer av god kvalitet og lågt karbonfotavtrykk i staden for billegvarer med usikkert opphav. Vi må bruka fornybar energi i staden for olje til oppvarmning, og vi må reisa mindre med fly. Kort sagt: Vi må laga eit samfunn basert på evigvarande energikjelder og gjenbrukbare materialar. Vi må rett og slett røra oss meir, eta sunnare, møta naboane oftare, og laga hyggelegare nærmiljø. Det høyrest då ikkje så avskrekkande ut det?

Bjørn T. Bøe og Knut Børgesen, Miljøpartiet Dei Grøne i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.