Næringsliv | 02. jan. 2017

– Lokalet er klart

Gründerparken nærmar seg ei realisering. – Vi har lokalet klart, men vil venta litt før vi går ut med detaljane, fortel Daniel Skotheim.

– Lokalet er klart
Næringssjef Daniel Skotheim fortel at lokala til Gründerparken er klare (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. jan. 2017 13:48

Næringssjef Daniel Skotheim hadde ei god førjulstid. Først fekk han ja på søknaden om støtte til matkultur rundt Bjørnafjorden http://www.midtsiden.no/jobbar-med-matfestival-i-oktober , så kom eit nytt brev frå Hordaland Fylkeskommune med 200 000 kroner i støtte til etablering av Gründerpark Os.

– No har vi 500 000 kroner frå kommunestyret og 200 000 frå fylkeskommunen. I tillegg vil næringslivet bidra noko sjølv, så det er ikkje så lenge før vi kan starta opp. Vi har allereie lokalet klart, men eg har ikkje lyst til å røpa så mykje meir enno, fortel Skotheim.

Håper på 20 gründarar

Næringssjefen har allereie fått henvendelsar frå gründarar som er interessert i å få plass i kontorfellesskapet.

– Om vi får med oss 20 nystarta verksemder i 2017, så skal vi vera godt nøgd. Det er fleire som har meld si interesse allereie. Det er nok eindel gründerverksemder som sit på heimekontor i dag, som kunne hatt meir utbytte av å sitta i fellesskap og kunne drøfta både idear og praktiske utfordringar med andre i tilsvarande situasjon.

Vil ha kontortid der sjølv

Skotheim ser for seg at også han som næringssjef vil ha kontortid i gründerparken når den opnar.

– Det ser eg som naturleg. I oppstarten vil det nok vera eg med mi rolle som legg mykje tilrette, så får vi sjå etterkvart om vi finn det meir naturleg å oppretta ei stilling i ein eller anna prosent som kan bistå gründerane med ulike oppgåver.

Har hausta erfaringer

Saman med rådmann Christian F. Fotland vitja Skotheim Lillehammer før jul for å hausta erfaringar.

– Då var vi å besøkte Lillehammerhuben for å få erfaringar og høyre korleis dei hadde gjort det.

– I morgon skal rådmannen og eg ha eit møte med næringsrådet og BTO (Bergen Teknologi Overføring, journ.mrk) kor vi skal sjå på kva reglar som vi må legga til grunn for opphold i parken, og kven parken skal vera for. Eg vil tru vi ønskjer å vera rimeleg opne i starten, men nokre krav vil vi nok stilla.

Skal stimulera

– Vi ønskjer å stimulera og bryte ned barrierer og legga til rette for at gründerane skal få jobba med idé og konsept og at dei ikkje blir bremsa for mykje av det administrative. Til dømes kan det vera at vi kan bistå i utarbeiding av ein forretningsplan, forklarar Skotheim.

Han seg òg for seg at dei skal etablera ein kompetansegruppe som ressursbase for gründerparken, skapa møteplassar for næringsliv og gründerane og gjennomføra kurs innan etablering.

– Gründerparken skal bli eit kontorfellesskap, om det er gründerar som treng produksjonslokale for prototyping og liknande, så må vi finna løysing på det andre plassar, avsluttar næringssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.