Kultur | 13. mars 2018

Lokkar med lur i Løo

Video: Tilslørte Bondepiker har hatt 43 konsertar på 43 månader. No lokkar dei med liv i Løo på Lekven.

Andris Hamretirsdag 13. mars 2018 08:19

Det heile starta i 2014 med ein gjeng damer som hadde lyst å synga litt på gøy.

– Planen var å samlast kvar fjortende dag og berre synga for oss sjølv, men det blei ikkje heilt slik, ler bondepikene når Midtsiden møter dei på øving på Os ungdomsskule.

Klar profil

Med lystige toner og ein tydeleg profil både med namnet og omsydde felleskjøpet-dresser som antrekk har oppdraga kome, nær sagt av seg sjølv.

– Noko av det siste vi har gjort var på ei fagsamling for Hordaland sau og geit på Sandsli. Vi var òg med og song då Felleskjøpet opna ny butikk på Kokstad.

Bondepiker i løo

Når dei på lørdag skal ha sin tredje vårkonsert var det naturleg å finna eit eigna lokale, kva passar då betre enn bondepiker og ei ombygd løe?

– Løo på Lekven passar jo bondepikene godt, ler dei.

– Dessuten hadde dei som driv Løo aldri hatt konsert der før og hadde lyst til å testa det ut. Akustikken der ute er veldig bra og så har dei bar i siloen, så då er det jo ideelle forhold for konsert og mingling.

– Vi køyrer to konsertar, ein kafékonsert på ettermiddagen kor kafeen opnar ein time før, slik at vi kan få mingla i forkant og folk kan få kjøpt seg eit kakestykke og ein kaffikopp eller ein brus. Den andre konserten tenkjer vi er for dei litt meir vaksne, for då legg vi opp til mingling i baren etter konserten. Som det grøne koret vi er, så oppfordrar vi folk om å køyra saman eller spasera ut der. Det er nemleg litt trangt med parkering.

Klassesett med skulderputer

I Løo planlegg bondepikene å ta publikum med tilbake til si eiga storhetstid på 80-talet, då dei farta bygda rundt på dans.

– Dans er eit gjennomgåande tema og vi har fått Patricia Langeland til å læra oss movsa, men vi skal vel ikkje skryte på oss at vi skal dansa. Vi er trass alt eit kor.

– Men kva kan publikum venta seg?

– Det blir ei enorm bredde med ein song frå 1823 som er det nyaste arrangementet som er spesialtilpassa oss, til låter frå i dag. Det var vel ferdig rett før helga. Faktisk er meir enn halvparten av låtane spesialarrangert for oss.

– Det blir ein stor bolk frå bondepikenes storehetstid på 80-talet. Vi kan jo røpa såpass at vi har kjøpt inn eit klassesett med skulderputer.

Veggpryden opp på scenen

På dans på 80-talet var det gjerne nokre som sat rundt dansegulvet som veggpryd. Bondepikene tek med seg veggpryden på scenen gjennom nettopp bandet Veggpryd med Knut Vidar Garlid, Nils Midtsæter, Halvard Lyssand, Arne Hernes og Tonje Hernes.

– Dei skal òg ha ei eiga avdeling i løpet av konserten, avslutter dei tilslørte bondepikene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.