Sport | 23. juli 2016

Lørenskog blei for sterke

Det blei ikkje åtte sigrar på rad for Lysekloster.

Lørenskog blei for sterke
Lørenskog-jubel etter 0-3-skåringa i 80. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juli 2016 16:53

Etter å ha starta sin første sesong i 2. divisjon med seks tap på rad snudde Lysekloster skuta og vann alle dei seks kampane før ferien.

Også i første kamp i haustsesongen blei det tre poeng.

I dag starta dei der våren starta, mot Lørenskog, som slo Lysekloster 2-1 i serieopninga.

– No får vi seks kampar på rad der vi går for revansje. Lørenskog er ballsikre og har ein svært god spiss. Eg trur vi skal klara å ha ballen meir og å prestera betre heime, sa trenar Thomas Sandal før dagens kamp.

Lysekloster - Lørenskog 0-3 (0-2)
Målskårarar: Singh 2 og Idrissi
Lysekloster: Chris Sunde Midthun - Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther (Sigve Rørstad 58.), Sindre Hitland Flaa - Ståle Steen Sæthre, Tommy Gaustad (Joshua Pritchard 58.) og Petrit Zhubi (Christer Olsen 74.)
Dagens beste Lysekloster-spelar: Chris Sunde Midtun.

HER ER VIDEO MED HØGDEPUNKT FRÅ KAMPEN

Lørenskog viste seg som ballsikre òg då dei var gjestar, men første halvdel av førsteomgang blei lite underhaldande for publikum. Lørenskog hadde 3-4 halvgode avslutningar på og mot mål, Lysekloster hadde nokre halvgode kontringsforsøk.

I 30. minutt kom første skåring, i 41. minutt la gjestane på til 0-2.

Andre omgang starta med høgare tempo, der heimelaget var svært nær redusering. Ein lang ball gjekk forbi Lørenskog-forsvaret, som sto høgt, og Tommy Gaustad sprang åleine nesten frå midtbanen til mål. Keeper sto med beina godt frå kvarandre, og Gaustad prøvde seg på ein tunell, men forsøket blei redda.

– Det blei for svakt av meg, eg hadde for lite roen då eg hadde sjansen. Hadde eg skåra ville kanskje resten av omgangen sett annleis ut, men samla sett tapte vi for eit betre lag i dag, seier Gaustad til Midtsiden.

Frå tribunen såg ikkje Lysekloster like tent og kvasse ut som før, mens gjestane var både ballsikre og bydde på fine finesser i angrepa.

– Eg synest dette er det beste laget vi har møtt, mens vi ikkje klarte det vi prøvde på, verken offensivt eller defensivt, seier Lysekloster-angripar Ståle Steen Sæthre.

Straffebom

Kort tid seinare fekk gjestane straffe. Skotet kom hardt og lågt, men utanfor stolpen til høgre for Midtun, som slengte seg rett veg.

Midtun hadde fleire fine redningar i 2. omgang og blei kåra til heimelagets beste.

I 80. minutt kom 0-1-skårar Singh på eit langt løp åleine med keeper og auka til 0-3.

Midtsiden kjem tilbake med video frå kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.