Sport | 03. sep. 2017

Løsna etter raudt kort

Lysekloster stanga mot Førde-forsvaret. Med ein viljehands på streken frå Førde løsna det for Lysekloster.

Løsna etter raudt kort
Mirza Mujcic heada inn 2-0 mot Førde (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 03. sep. 2017 17:56

Bildeserie:

1-0 kom etter at Stian Dyngeland vann hovudduellen (foto: AH)
1-0 kom etter at Stian Dyngeland vann hovudduellen (foto: AH)
Førde-forsvararen brukte handa for å stoppe ballen (foto: AH)
Førde-forsvararen brukte handa for å stoppe ballen (foto: AH)
Og fekk raudt kort (foto: AH)
Og fekk raudt kort (foto: AH)
Kristoffer Østervold satte straffa i mål, 1-0 (foto: AH)
Kristoffer Østervold satte straffa i mål, 1-0 (foto: AH)
1 av 4
1-0 kom etter at Stian Dyngeland vann hovudduellen (foto: AH)
Førde-forsvararen brukte handa for å stoppe ballen (foto: AH)
Og fekk raudt kort (foto: AH)
Kristoffer Østervold satte straffa i mål, 1-0 (foto: AH)

Lysekloster tok i mot Førde på heimebane søndag ettermiddag. Eit Førdelag som ligg så vidt over nedtrykkstreken mot eit Lysekloster-lag som ligg berre tre poeng bak serieleiar Brattvåg, og det var tydeleg på banen.

Lysekloster stupte i angrep frå start, men gjestane forsvaret seg godt og tøft. Etter sju minutt blir Kristoffer Østervold felt av keeper og publikum roper på straffe, men får det ikkje. Litt seinare dømmer dommaren straffe etter ei ny felling, men ein Lyseklosterspelar har vore i offside og dommaren gjer om avgjerda.

Den einaste store sjansen til heimelaget i 1. omgangen er då Espen Birkeland smeller til frå 22 meter. Ballen treff tverrliggaren, sprett ned på streken og ut igjen i feltet. Laga går dermed til pause på 0-0.

Lysekloster - Førde 2-0 (0-0)
Målskårarar Lysekloster: Kristoffer Østervold (straffe) og Mirza Mujcic
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, Mirza Mujcic, Joakim Helland, Thorvald Trætteberg, Denis Ljubovic, Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Ken-Joar Føyen (Kasper Hjørngaard), Kristoffer Østervold, Stian Dyngeland.

Redda med handa

Andre omgangen held fram som den første, med eit Lysekloster-lag som stangar mot Førdeforsvaret, men eit kvarter ut i omgangen oppstår situasjonen som fører Lysekloster opp i leiinga.

Stian Dyngeland vinn ein hovudduell og Førdeforsvarar Martin Dvergsdal må bruke handa for å hindre at ballen går i mål. Dommaren drar opp det raude kortet og peiker på straffemerket. Straffa set Kristoffer Østervold sikkert i mål.

Med ein mann mindre får Førde det tøft. 17 minutt seinare får Lysekloster corner. På den ragar Mirza Mujcic høgast og stangar inn sluttresultatet 2-0.

– Eg var aldri redd for at vi ikkje skulle dra dette i land, men vi blei stangande mot Førde-bussen. Det er vi forsåvidt vante med denne sesongen.

– I første omgangen får Førde oss til å spele slik som dei ville, ved at vi kom rundt på kanten og la innlegg. I andre omgangen fekk vi justert og spelte meir fotball slik vi ønskja.

– Det eg er særleg nøgd med i dag er den disiplinen vi viser. Vi har hatt fokus på å stenge igjen bakover og ikkje sleppa inn mål. I dag lykkast vi med det, oppsummerer Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.