Performance under opninga kor elevar måla til gitarmusikk (foto: Andris Hamre)

Lét seg begeistra

Bildeserie: Stor interesse og god stemning då 12 kulturskular opna vårutstilling i Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Laurdag opna 12 kulturskular felles vårutstilling i Oseana. Så stor var interessa at arrangørane valde å ha to opningar for å få plass til alle som ville koma å sjå.

– Akkurat no er det 253 som er inne og ser på utstillinga, fortalde utstillingskoordinator Philip Buer Elvegård, som sto med telleapparat ved inngangen då gjestane på den første opninga slapp inn i utstillinga.

• Les òg: Historisk stormønstring 

– Framsnakk kunstfaget

Før gjestane slapp inn i sjølve utstillinga var det sjølvsagt høgtideleg opning med talar og musikk. Då gjestene kom opp køyrevegen til Oseana blei dei teke imot med musikk frå Fife & Drums (fløyte- og trommeorkester, journ.mrk) frå Bergen kulturskule.

– Velkomen til vårens vakreste eventyr. Dette er fantastisk, helsa kultursjef Lisbeth Axelsen før ho ba tilhøyrarane bli med på ein dugnad.

– Alle treng kreativitet. Bli med på å formidle kor viktig kunstfaga også er i den vanlege skulen, ikkje berre i kulturskulen. Løft det opp og fram, slik at kunsten får den plassen den fortjener.

Blå hest

Alf Bugge Gjerstad, fagsjef ved Bergen kulturskule utfordra også publikum.

– Menneskjer har laga bilder i all tid.  Du kjem aldri unna teikninger uansett yrke og vi lager alle bilder heile tida. Sjølv i draumene lager vi bilder.

– No ber eg dykk lukke auga og sjå kva de ser når eg seier blå hest. Vi veit alle at det ikkje finst blå hester, men inne i hovudane dykre er eg sikker på at de såg ein no. De såg ikkje den samen, men dykkar variant av den. Det er det som er fint med kunsten. Sjølv om vi ser det same, så kan vi likevel sjå det ulikt, poengterte Gjerstad.

260 ekstra elevar

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg gledde seg stort over at vårutstillinga var tilbake på huset.

– Ikkje berre er det 433 elevar frå 12 ulike kulturskular med. Ute i gangen i kjellaren er det i tillegg 260 elevar frå 4. trinnet på barneskulane i Os som har teikningar inspirert av Greigsamlingen. Desse har dei laga som ein del av Friskunst-prosjektet, fortalde Lindeberg som lot seg begeistra av alle verka.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.