Kultur | 26. feb. 2017

Lothepus og Vazelina til Tysnesfest

Tysnesfest med rotnorske bookingar. Både Lothepus og Vazelina Bilopphøggers er klare for Gjerstad arena.

Lothepus og Vazelina til Tysnesfest
Lothepus og Vazelina Bilopphøggers er klare for Tysnesfest (pressefoto: Stian Servoss/Tor Lindseth)
Andris Hamresøndag 26. feb. 2017 08:22

Det blir eit variert og fargerikt program på årets Tysnesfest. No er det klart at også vinnaren av Farmen Kjendis og Mr Fjorden Cowboys tek med seg bandet sitt til Tysnes.

– TV2 fekk tidlegare i veka det norske folk til å tru at Lothepus skal opptre for 9000 fans på Koengen i sommar. Dette var nok ein liten bløff. Konserten i Bergen skal gå føre seg på Bastionen scene, som har eit tak på 3000 tilskodarar. På Gjerstad arena deriomt, har me ein kapasitet på 7200, så sitt største livepublikum i 2017 kan Lothepus møta på Tysnesfest, seier dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding.

Fylte teltet sist

Det er ikkje første gang Lothepus speler på Tysnesfest.

– Me veit frå før at Lothepus er populær. Då han var her for fyrste gong i 2014 og spela i Bermudateltet, stod det lang kø før dørene opna, og han spela for eit smikkfullt telt. Han har ein stil og væremåte som mange både kjenner seg igjen i, og set pris på. Ein verkeleg solid harding som har sett Odda, Hardanger og heile Vestlandet på kartet. Torsdag 13. juli er han eit av dei fyrste banda på scena på Gjerstad Arena, og me gler oss til å sjå mykje folk og god stemning, seier Vaage.

Traktor med hengar og surfbrett

Lothepus er ikkje den einaste folkelege artisten som kjem til Tysnes. Dei populære gutane i Vazeline Bilopphøggers er òg klare.

– For fyrste gong på meir enn 30 år skal Vazelina Bilopphøggers på turnè ein heil sommar.

– Vazelina har "alltid" spela sommarshow/teater, men i år skal dei prøva noko nytt! Saman har dei laga ei rekkje suksessalbum med sin særeigne blanding av Toten-dialekt, Gamle rockemelodiar, varm humor og eit enormt ynskje om å underhalda.

I det siste har dei gjort med album, show, teikneseriar, TV-serie og mykje meir. I over ti år har Kjetil Foseid stått ved mikrofonen og blese friskt liv i nye og gamle låtar. Etter fokus på meir revyaktige opptredener, blir dette deira fyrste skikkelige konsert på Vestlandet på mange år.

– Dei seier sjølve "Vi e 7 mann på scena som speller med begge henda", og me kan lova godstemning og allsangfaktor når dei dreg til med låtar som "Traktor med henger", "Surfbrett" og "Fem fyrer Med Ved", avsluttar Vaage.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.