Lokal | 21. aug. 2011

Lotteheim i det gode liv på Os?

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Lotte- modellen som sjukeheim på Os? Ja, kvifor ikkje?

Lotteheim i det gode liv på Os?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2011 06:27

>> Sjå alle lesarinnlegg på Midtsiden.no her.

Den kjende Lotte-modellen, som blei innførd på pleieheimen utanfor København av styrar Thyra Frank i 1989, blei ein suksess. Her hadde ein fokus heile tida på bebuarane og at sjukeheimen var deira heim. Avstanden mellom tilsette og bebuarar blei bygd ned. Blant anna med å fjerna uniformene.

Dei tilsette brukte meir tid på bebuarane sånn som ved måltider. Her er det også vanleg at ein et saman. Valfridomen er alltid til stades, både når det gjeld leggetider og når ein skal stå opp. Ei heller vert det brukt sovemedisin. Og vin og det ein ønskjer å drikka til einkvar tid er tilgjengeleg.

Ein ferietur er årets høgdepunkt, noko både tilsette og bebuarar gler seg til.

På sjukeheimen Lotte lever bebuarane i snitt fire år, mot landsgjennomsnittet for sjukeheimar i Danmark som er 17 månader. Det at ein har eit sjukefråvær blant dei tilsette på 0,9 % fortel sitt når det gjeld trivsel hos dei tilsette.

Sjølvsagt er det mange av desse ideane ein og får til her heime ved landets sjukeheimar. Men den heilskapelege Lottemodell-drifta finn ein ved eit mindretal av stadar.

Kvifor ikkje ein "Lotte-heim" i vår gode kommune?

Hadde nokon kome med eit forslag om at ein ville drifta for eksempel ein avdeling som eit førebels prosjekt som ein Lotteheim så trur eg ingen politikar hadde sagt nei.

Difor ønskjer FrP at ein vil prøve ut Lotte-filosofien i vår kommune. Vi har ein god mogelegheit når vi skal utvida med tilbygg til Lurane. Men det er fleire avdelinger der mogelegheitene er til stades allereie. Det er berre å la eldsjelene få setja i gang å få støtte.

FrP ønskjer ein Lotte-modell velkommen i eldreomsorga i Os. Det fortener dei eldre og det løfter dei tilsette!

Det gode liv i Os med ein Lotteheim!

Laila Marie Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.