Lokal | 21. des. 2014

Lotto-millionær frå Os!

Laurdag blei den rekordstore SuperLotto-potten fordelt på 13 vinnarar og ein av dei heldige er frå Os. – Han tok beskjeden med fatning, fortel Ingrid R. Mathisen frå Norsk Tipping.

Lotto-millionær frå Os!
Kjersti Skaret og Ida G. Hanstad, trekningsredaktører frå Norsk Tipping, ringte laurdag kveld både SuperLotto- og ordinære Lotto-millionærar. (Foto: Norsk Tipping)
Kari M. Lyssandsøndag 21. des. 2014 09:51

Det var 13 nordmenn som fekk litt av ein førjulspresang laurdag då den rekordstore SuperLotto potten på 57 millionar kroner blei delt ut.

4 av vinnarane er frå Hordaland, og blant dei er det ein 63-årig mann frå Os.

Dei fleste nybakte millopnærane fekk dei tilsette i Norsk Tipping kontakt med rett etter trekning og det var fleire jublande glade vinnarar dei fekk snakka med.

Mannen frå Os var det ikkje ikkje like lett å få tak i laurdag, men teamet frå Norsk Tipping heldt fram utover kvelden med å få gitt han den store nyheita.

– Vi fekk til slutt tak i han laurdag kveld, fortel Ingrid R. Mathisen, ansvarleg for vinnaroppfølging i Norsk Tipping.

Mannen hadde ein roleg kveld foran TVen heime med kona og hadde ikkje fått med seg sjølve trekninga.

Fekk gje bodskapet to gongar

– Vi opplever heile spekteret av reaksjonar, alt frå dei som er heilt rolege til vill jubel.

63- åringen frå Os var ein av dei som tok beskjeden om at han var blitt milionær med fatning.

– Han var roleg, men sjølvsagt veldig glad og ville at kona skulle få oppleva det same.

Han gav ho telefonen og kvinna frå Norsk Tipping fekk gje det gledelege bodskapet to gongar.

Vinnarkupongen blei levert på Rosvold Sport i oktober, mannen som leverte og vann ønskjer å vera anonym.

SuperLotto er ei trekning der alle Lotto-kupongar levert i inneverande kvartal er med i trekninga.

Kvar av dei 13 vinnarane kan sjå fram til å få 4.384.615 kroner i på konto.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.