Sport | 27. apr. 2009

Løv-Ham 2 blei for god

Os klarte seg bra mot eit A-prega Løv Ham 2 i kveld, men tapte fortent.

Løv-Ham 2 blei for god
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2009 20:00

Bildeserie:

1 av 5

Os tapte måndag kveld 0-2 (0-1) for Løv-Ham 2 i årets første heimekamp. Andrelaget til Løv-Ham var suverene då dei rykte opp frå 4. divisjon i fjor, og hadde fleire A-spelarar med til Kuventræ i dag.

- Vi tapte fortent for eit betre lag, innrømmer Os-trenar Frank Hellevik.

- Men vi var nær på skåringar både på 0-0 og 0-1. I dag var vi litt for oppjaga, sjansane kom også i dei periodane vi viste ro og spelte ball, legg han til.

2 x Torkel
Torkel Hjertnes hadde to fine forsøk i første omgang, først eit skot som blei blokkert (12. min), så eit skot som Løv-Ham-keeper Erlend Johansen må kalla seg heldig som redda.

Hjertnes fekk gult kort seinare i same omgang.

Så kom baklengsmålet, etter innlegg frå Mats Cato Moldskred putta Kristoffer Nesse i 36. minutt.
Like før pause var Leikvoll Moberg nær på utlikning, men skotet gjekk utanfor.

Endra formasjon
I starten av andre omgang viste Os meir ro og spelte seg til nokre sjansar. Hellevik snudde trekanten på midten, noko som også såg ut til å hjelpa.

Ramo spelte tilbake til Lunde, som avslutta hardt, men nokre meter til venstre for mål. Kort tid seinare kom kapteinen frampå igjen, men blei forstyrra av ein motspelar og fekk ikkje avslutta skikkeleg.

20 minutt ut i omgangen kom Andreas Bjørnen inn for Almeland. Dei første fem minuttane skapte han to sjansar, den eine etter å ha rista av seg to Løv-Ham spelarar på kant, for så å avslutta på mål frå spiss vinkel.

Herfrå og ut tok Løv-Ham over det meste, og Enes i Os-buret hadde nokre fine redningar i siste halvdel av andre omgang. Men ikkje alle blei redda, i 31. minutt gjekk eit innlegg forbi midtforsvaret til Os og rett til Ørjan Låstad, som umarkert kunne setja inn 0-2.

- På slutten la vi om igjen, og tok vi ut midtstoppar Vegard Borgen til fordel for spiss Christer Olsen. I forsøk på å skapa litt kaos, men det gjekk ikkje, seier Hellevik.

Nøgd
Trenaren meiner Os-spelarane klarte seg bra mot det gode andrelaget Løv-Ham stilte med.

- Innsatsen var god og dei heldt strukturen. Kanskje hadde vi godt av å bryna oss på eit slikt lag i dag, det skal i alle fall bli spennande å sjå korleis det går i neste møte. For Løv-Ham kan ikkje stille med like godt andrelag heile sesongen, trur Hellevik.

- Os betre enn Voss
Tidlegare Os-spelar, Mats Cato Moldskred, var også med då Løv-Ham 2 spelte 2-2 mot Voss i deira førre kamp.

- Då¨dominerte vi fullstendig i 60 minutt, men hadde fleire gutespelarar med som hadde spelt kamp dagen før, seier Moldskred.

- Os gav oss mykje meir motstand enn Voss, meiner han.

osturn.no/fotball kan du lesa om kampen minutt for minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.