Lokal | 05. apr. 2017

Løyvde 11 mill ekstra til hall

Politikarane løyvde 11 millionar ekstra til dobbelthallen på Kuventræ for å få ei framtidsretta løysing, men kritiserte samstundes prosjektsjefen og adhoc-utvalet.

Løyvde 11 mill ekstra til hall
Prosjektsjef Tor Inge Døsen måtte tåla kritikk i kommunestyret tysdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 05. apr. 2017 07:46

I samband med budsjetthandsaminga i desember løvyde kommunestyret ei prosjektramme på 59 millionar kroner til den doble fleirbrukshallen på Kuventræ.

I kommunestyret tysdag kom administrasjonen og arbeidsgruppa for sentralidrettsanlegget på Kuventræ med søknad om ei tilleggsbevilling på tilsaman 11 millionar kroner for å ta høgde for omlegging av Idrettsvegen, uforutsette kostnader og å utvikla udisponert kjellerareal på omlag 700 kvadratmeter.

Les òg: Dyrare, men større idrettshall

– Vi har svikta

Fleire av politikarane var kritiske til prosessen og at ein no kom med ønskje om ei tilleggsløyving.

– Vi som politikarar må vera med å ta litt av skulda. Her har vi svikta litt i anbodet og ikkje sagt korleis vi vil ha det, men det er fleire punkt her. Det blir beden om ei tilleggbevilling på 1,5 millionar til omlegging av den kommunale vegen. Den har vi vist om heile vegen. Det er skuffande at den står her, den burde vore med frå dag éin i eit slik budsjett, poengterte Helge Steinum (Ap).

– Uryddig

Siren Tømmerbakke (Sp) følgde opp med å påpeika at heile anbodsprosessen synes å ha vore uryddig.

– Det er fleire ting som treng å bli klara opp i. Ein seier at prosjektet er underfinansiert med 11 millionar kroner og at 5,5, millionar av dette er uforutsette kostander. Eg stiller spørsmålsteikn ved at ein så stor del blir lagt inn som uforutsette kostnader, burde ikkje det vore det i utgangspunktet?

– I tillegg synes eg det virker litt uryddig i høve den anbodsprosessen ein har gått ut med. Ein konkurrerer om dette, vel ein tilbydar, og så legg ein seg i ettertid heilt oppunder neste anbod.

– Det står i papira at ein ønskjer å laga parkeringsplass i kjellaren, blei ikkje det vurdert i utgangspunktet? Har det kome no? Eg kan òg tenkje meg litt meir gjennomgang av korleis prosjektet har utvikla seg i størrelse. Dette ligg tett på bufellesskapet i Idrettsvegen og bustadene der, kor stort areal vil utvidinga ta?

– Eg tykkjer det er mykje som heng i lufta og synes vi skulle få satt oss betre inn i det, kommenterte Tømmerbakke.

Entreprenøren foreslo ei anna løysing

Jon Sivert Rykkel (V) og Eirik Andre Hesthamar (Frp), som båe har satt i arbeidsgruppa for sentralidrettsanlegget, freista å forklara kva som hadde skjedd i prosessen.

– Det er aldri kjekt å måtte revidera kostnadsrammene, men vi må komma oss vidare og sentralidrettsanlegget er ein viktig del av utviklinga av bygda. Entreprenøren valde å foreslå ei anna løysing enn det vi hadde sett for oss, men som framleis tilfredsstilte krava til å få løyst ut spelemidlar. Når vi i arbeidsgruppa såg nærare på den, så ønskja vi å gjera nokre endringar, mellomanna å flytta to garderobar og å likevel sprenge ut det arealet vi hadde tenkt til garderobar i kjellaren. Skal vi gjera det, så må vi gjera det no. Vi kan ikkje sprenga når det står ein dobbelidrettshall oppå der.

– Det ekstra arealet kan bli nytta til parkering, men det kan òg bli nytta til aktivitetstilbod. Vi kan sjå for oss bueskytingkonkurranser, skating eller andre ting. Det kan serva eindel andre funksjonar som kan vera viktig for andre delar av idrettsmiljøet i Os enn det som skal opp i idrettshallen, kommenterte Rykkel.

– Forslaget frå Consto gav arbeidsgruppa eit moglegheitsrom, som vi etter mange grundige diskusjonar, mente var rett å nytta seg av. Difor valde vi å gå til kommunestyret med søknaden om tilleggsløyvinga. Når vi får denne hallen på plass, så vil Os kommune vera ei av svært få kommunar i Hordaland som tilfredsstiller handballforbundet sin norm for hallflater sett i høve tal på innbyggjarar, supplerte Hesthamar.

Tok kritikken

Prosjektsjef Tor Inge Døsen tok kritikken på at omlegging av vegen burde vore inne i det opprinnelege budsjettet.

– Den kritikken kan eg ta, men det var viktig for oss å komma i gang med omlegging av vegen medan vinnaren av anbudet framleis heldt på med prosjekteringa av hallen, difor låg dette utanfor.

– Når det gjeld dei auka kostnadane med kjellaren og å flytta på garderobane, så er det kostnader som kjem som følgje av at vi pålegg Consto å byggje ein større 1. og 2. etasje enn dei hadde tenkt seg. Det gjer vi for å byggja ein hall for framtida og med eit potensiale. I dette prosjektet ligg det unytta areal i 2. etasjen som ein kan sjå på bruken av i framtida, akkurat på same måte som vi har gjort når vi bygde på Lysekloster skule eller no sist, Lunde barneskule. Det er ikkje noko uvanleg å gjera det på denne måten.

– Som sentralidrettsanlegg er Kuventræ utruleg trangt. Det er siste gong det er moglegheit til å utvida meir på Kuventræ, då er det viktig å nytta den moglegheiten som ligg no, poengterte Døsen før eit samrøysta kommunestyret gjekk inn for tilleggsløvinga.

– Gratulerer til idretten, då er det berre å setta i gang, oppsummerte ordførar Marie Bruarøy (H).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.