Lokal | 23. okt. 2016

«Lucky Luke» leverte på skytebanen

Soldatar frå Haakonsvern er i helga på tampen av ei veke med øving på Ulven.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 23. okt. 2016 07:19

Denne veka har det vore rundt 50 soldatar på øving på Ulven.

– Seks gongar i året tar vi med soldatar som er i roller med mindre felt-trening, frå sjåførar til dei som er på kontor, så alle får inn litt basiskunnskap, seier leiar for øvinga, orlogskaptein John F. Honningsvåg.

Bane og felt

Øvinga starta måndag og soldatane har hatt dei første dagane i leir og på skytebane. Midtsiden var med ein runde på skytebanen torsdag, der soldatane gjekk i løype og skaut med både vernebriller og vernemaske.

– Vi legg inn ulike moment for at det skal bli ekstra utfordrande og realistisk, fortel operativ leiar for øvinga, løytnant Kleveland.

I helga er det endå meir realistisk, frå fredag til søndag har soldatane vore i terrenget rundt leiren for øving på strid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.