Lokal | 29. apr. 2017

Lurde sin eigen arbeidsgjevar - to gongar

Først gav han seg sjølv ein solid rabatt, så leverte han inn den øydelagde vara og ville ha fullpris tilbake.

Lurde sin eigen arbeidsgjevar - to gongar
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. apr. 2017 06:58

Denne veka sto ein mann i 30-åra frå Os sikta for svindel og dokumentfalsk i Bergen tingrett.

Mannen, som jobbar i Bergen, hadde gjeve seg sjølv ein rabatt på 14.000 kroner på ei vare som kostar 24.000.

Vara blei øydelagd eit år seinare, og då leverte han den inn med ein forfalska kvittering som sa at han hadde kjøpt den til full pris.

Sikta er tidlegare ustraffa. Han møtte i retten og tilsto.

Påtalemakta ba om 30 dagar fengsel på vilkår og 6000 kroner i bot.

«Siktede har – i to omganger og med rundt et års mellomrom – brutt et tillitsforhold. Disse omstendigheter er straffeskjerpende (...) Like fullt gis han noe rabatt for tilståelsen» står det i dommen.

Sikta har inngått avtale med fornærma om tilbakebetaling av beløpet. Det var dermed ikkje reist krav om erstatning.

Mannen blei dømt til 25 dagar fengsel på vilkår. Fullbyrding av straffa er utsett med prøvetid på to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.