Espen Birkeland jublar etter 2-1-skåring i 74. minutt. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Lurte inn ein trepoengar

Lysekloster snudde kampen mot Stord og Espen Birkeland blei matchvinnar på heimebane.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter tap i toppkamp borte mot Brattvåg i førre runde tok Lysekloster på 2. plass i dag imot Stord på 10. plass.

Borte mot Stord i vår tok Lysekloster leiinga og gjekk opp i 3-0 før vertane reduserte til sluttresultatet 1-3.

I dag var det Stord som skåra først, gjestane gjekk opp i 0-1 på ein corner i 30. minutt.

– Eg forstår korleis Brattvåg hadde to uavgjorte mot Stord, dei står stort sett med ni mann i eigen 16-meter, seier sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen til Midtsiden etter kamp.

0-1 sto seg til pause, men så fekk heimelaget nettkjenning. Trætteberg utlikna i 53. minutt og Birkeland blei matchvinnar med skåring i 74. minutt.

– Det var to fine skåringar begge to, Thorvald sitt kom frå kant, Espen sitt på eit flott skot etter eit bra angrep.

Lysekloster - Stord 2-1 (0-1)
Målskårarar: Thorvald Trætteberg og Espen Birkeland
Lysekloster: Kjetil Hansen - Mirza Mujcic, Ken-Joar Føyen, Thorvald Trætteberg, Denis Ljubovic, Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Ole Thomas Herrem, Kristoffer Østervold, Vladan Radojkic.

Lysekloster speler neste kamp borte mot Os søndag 20. august.