Lokal | 09. nov. 2017

Lurte Nav for 90.000 kroner

Fekk pengar frå Nav i over 5 månadar, utan å nemna at han var i jobb.

Lurte Nav for 90.000 kroner
Han jobba 695 timar på 5,5 månadar, samtidig som han fekk trygd av Nav. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. nov. 2017 17:40

Ein mann i 40-åra frå Os er dømt til fengsel for trygdebedrageri.

Frå starten på mars 2015 til midten av august same år jobba han 695 timar, eit snitt på rundt 30 timar i veka, om han ikkje hadde sommarferie.

Samtidig sendte han inn meldekort utan å føra inn arbeidstimane, og fekk i perioden utbetalt til saman over 90.000 kroner.

«Handlet forsettlig»

Sikta møtte i retten og tilsto, men han slapp ikkje unna fengsel.

«I straffeskjerpende retning legger retten vekt på at siktede handlet forsettlig. I formildende retning legger retten vekt på siktedes uforbeholdne tilståelse og samtykke til å få saken pådømt som tilståelsesdom», står det i dommen.

Mannen blei dømt til 15 dagar fengsel. Sikta vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.