
Lurte på Lurane
Mange har lurt på korleis Os kommune innrettar seg i forhald til å ha delt eldreomsorga mellom kommunen og ein privat aktør slik dei har gjort på Luranetunet.
Onsdag var det nok ein delegasjon på besøk. Denne gongen fra Ibalagi, ein "liten" forstad til Tokyo med "berre" 3 millionar innbyggarar.
Noterte flittig
Til å gje japanarane orienteringa stilte kommunen med ordfører Terje Søviknes og einingsleiar for pleie og omsorg Aud Winsents.
Det var ein lydhør gjeng frå Japan som fekk med seg orienteringa om antall plassar, "omsorgstrappa" og kva som skal til for å få sjukeheimsplass i Os.
Kunne ikkje skjønna
Men at det er kommunen som bestemmer kven som skal få driva den private delen når anbodsperioden går ut, det hadde dei vanskeleg for å forstå.
"Kunne kommunen berre seia at no er det dei som skal driva videre og ikke andre".
"Kva då med bebuarane, hadde ikkje dei noko å seia?"
Ordføraren og einingleiaren forklarte så godt dei kunne ved hjelp av tolk, men det at dei tilsette vel å byta arbeidsgjevar om den private drivaren blir endra var vanskeleg å forklara. Det var nok ein kulturforskjell mellom Japan og Noreg som slo inn.
Akkurat som den dialogen dei norske prøvde å få til var vanskeleg. Japanarane hadde sendt inn spørsmåla på førehand og heldt seg til dei, det kom ikkje nokre nye spørsmål på sparket der i garden.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no